– Me må ha helsesøster og skulepsykolog på skulen kvar dag, heile dagen

Runar Bjørkvik Mæland
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sist veke var over 500 elevar frå heile landet samla på Elevtinget 2017. Eitt av dei mange hundre vedtaka dei gjorde, var å velja Rahman Chaudhry (19) frå Oslo som  ny leiar i Elevorganisasjonen (EO).

Chaudhry er ikkje noko nytt namn i elevrørsla. Som politisk nestleiar i EO og tidlegare leiar i EO Oslo har han engasjert seg for skulehelsetenesta og mot fråværsgrensa. Sjølv om han ikkje troppar på før i juli, har Chaudhry allereie planane klare for kva han vil utretta i vervet som elevrådsleiar over alle elevrådsleiarar.

– Gratulerer med valet! Korleis er det å bli vald som leiar?

– Utruleg overveldande! Eg skal få leia ein av dei viktigaste organisasjonane i Noreg i eit heilt år, og det er eit sjukt stort ansvar å forvalta tilliten til så mange elevar. Eg har ei veldig sterk elevrørsle i ryggen som står klare til å ta kampen for ein skule på deira eigne premissar, så eg er veldig spent på kva me skal få til.


– Kva vil Elevorganisasjonen merka av skilnad med deg som leiar?

– Det eg bestemte meg for å gjera om eg blei vald, var å reisa ut til medlemsmassen vår. Leiaren i Elevorganisasjonen kan ikkje vera ein leiar som sit på eit kontor og meiner ting på vegner av andre. Eg skal diskutera og henta løysingane skule-Noreg treng rett frå kjelda, i kantiner, på seminar og elevrådsmøte over heile landet.

– Kva er dei viktigaste vedtaka de gjorde på Elevtinget?

– Det kjem jo veldig an på auget som ser. Eg er veldig glad for at me fekk god, utdjupande politikk på korleis me skaper den beste skulen for alle elevar, også elevar med nedsett funksjonsevne.

– Elevorganisasjonen har gått i årevis utan konkret politikk på universell utforming, tilrettelegging for elevar med nedsett funksjonsevne og vitnemåls-, fagbrevs- og sveinebrevsgaranti. Det gjorde Elevtinget noko med i år, og det synest eg var på tide.

LES OGSÅ: Elevorganisasjonen krev at staten sikrar fleire lærlingplassar

– Kvifor er det bruk for Elevorganisasjonen?

– Fordi elevar er den einaste gruppa menneske som faktisk veit korleis skulen er og bør vera, samstundes som det er gruppa som blir stempla som barnslege, kortsiktige, eller dumme. Du kan ikkje stemma når du er elev, og då gjer ikkje partia ein innsats for å høyra på enkeltelevar.

– Difor må me ha ein slagkraftig Elevorganisasjon som kan påverka inne på Stortinget, men som også kan stå utanfor med roperten og banneret med medelevane våre når det trengst.

– Kva er det som har gjort at du har engasjert deg?

– Operasjon Dagsverk! Mitt første møte med ungdomsengasjement var skulekomitéseminaret til OD i Oslo i 2011. Gjennom OD lærte eg om kvifor verda var urettferdig, men også om kvifor me må vera medvitne på kva me vil endra i samfunnet, og korleis me skal gjera det.

LES OGSÅ: Operasjon Dagsverk 2017 går til ungdom som er råka av oljekatastrofen i Nigeria. Det har Elevtinget bestemt.

– Eg hadde garantert ikkje vore leiar i Elevorganisasjonen i dag om eg ikkje hadde blitt med i skulekomiteen på Nordberg ungdomsskole i 2011.

– Kva er hjartesakene dine?

– Dei er det mange av! Eg vil at regjeringa skal garantera skuleplass til alle elevar som har fått avslag på endeleg asylsøknad. Barnekonvensjonen er krystallklar på den vilkårslause retten til utdanning, og då synest eg det er uansvarleg, rett og slett kvalmt av regjeringa å nekta å garantera skuleplass.

– Ei anna hjartesak eg har hatt sidan starten, er ei sterk skulehelseteneste på kvar einaste skule. Me må ha ei helsesøster og ein skulepsykolog på skulen kvar dag, heile dagen.

LES OGSÅ: 1000 vgs-elevar deler på éi helsesøster

– Korleis kan ein sikra at meiningane og problema til ungdom som ikkje er engasjerte når fram til dei som styrer?

– Me som er i organisasjonsbobla må gjera noko med det distanserte forholdet til alle som ikkje er som oss. Meiningar må koma frå grasrota, og grasrota veit av og til ikkje eingong at me finst.

– Me må prioritera å venda oss til ungdom som kanskje ikkje har eit forhold til organisasjonar, så me kan visa dei vegen til gjennomslag, i staden for å prioritera auka politisk påverknad på vegner av oss sjølve.

Les også intervjuet med sitjande EO-leiar Sylvia Lind frå i fjor: – Elevane veit best korleis det er å vera elev

Faktaboks

Rahman Chaudhry, påtroppande leiar i Elevorganisasjonen

Alder: 19

Frå: Oslo aust

Skule: Nordberg ungdomsskole, Oslo Katedralskole (Katta)

Favorittfag: Historie og filosofi

Andre medlemskap: Natur og Ungdom, Press og Amnesty