– Løpet er køyrt for norsk klimatruverde

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ikkje imponert over Erna

– Om dette skal visa retninga for klimapolitikken dei neste fire åra er løpet køyrt for norsk klimatruverde, seier NU-leiar Silje Lundberg.

Erna Solberg presentere onsdag klimapolitikken til den borgarlege regjeringa på Zerokonferansen. Solberg opna talen med å seia at tida for ord var omme, no var tida kome for handling. I talen sin sa Erna Solberg at regjeringa vil endra budsjetteringa av regnskogsmilliardane. Både Høgre og Frp har i dei alternative budsjetta sine tidlegare foreslått å redusera løyvingane til vern av regnskog i utviklingsland.

LES SAKA: Vil slå dei raudgrøne på klima

– Det hjelper ikkje å seia at ein tek klimaproblemet på alvor, med mindre ein faktisk kan visa til konkret handling som kuttar utsleppa. Erna brukte nærare halve tida si på å seia at klimaproblemet må løysast globalt, samstundes varsla ho ein reduksjon i løyvinga til regnskogsvern. Dette henger ikkje på greip, seier leiar i Natur og Ungdom, Silje Lundberg.

Oljesvart
Sidan 1990 har utsleppa frå oljesektoren vakse med om lag 75 prosent i Noreg, likevel varsla ikkje Solberg nokre tiltak som vil redusera utsleppa frå petroleumssektoren. Ho brukte heller tid på å minna salen om korleis den norske petroleumsnæringen har lågare utslepp per produserte eining enn ein del andre oljeprovinsar i verda.

– Erna snakkar om at ho vil ha ei grøn retning i norsk politikk, men han er like oljesvart som før. I løpet av 40 år med norsk oljeverksemd har me eksportert 282 gonger våre eigne utslepp i form av olje og gass. Dersom denne regjeringa meiner alvor må oljeindustrien i leggjast ein langt strengare klimapolitikk, og utvinningstempoet må kraftig reduserast, seier Lundberg.

– Alt i alt er dette ein svært skuffande tale. Om ei knapp veke startar ein ny runde med klimaforhandlingar i Warszawa, denne talen viser di verre retning eller ambisjonar for korleis utslippa skal reduserast i eit av dei rikaste landa i verda, avsluttar Lundberg.

QUIZ: Ta den store klimaquizen!