Vil slå dei raudgrøne på klima

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vil slå dei raud-grøne på klima

– Det er sjølvsagt eit spørsmål om offentlege budsjettprioriteringar, men også om å finne dei gode løysingane, sa Solberg under Zerokonferansen i Oslo tysdag.

Solberg meiner det er eit paradoks at det meste av frakta mellom oljebasane i landet vert sendt med vogntog når dei ligg ved kysten. Ho viser til at basane ligg ved hamnar, og at sjøtransport kan redusere utsleppa med mellom 50 og 70 prosent.

– Likeins veit vi at mange som sender frakt langs vegane kunne ha brukt bane, men tog som ikkje er i rute er ofte ei årsak til at jernbanen vert vald bort. Det viser kor viktig det er å få opp tempo i moderniseringsarbeidet av norsk jernbane, sa ho.

Klimaforliket
Erna Solberg kom også inn på løfta til regjeringa om å forsterke klimaforliket saman med samarbeidspartia KrF og Venstre.

– Vi går frå ord til handling. Vi skal forsterke klimaforliket – og bringe meir ambisiøse planer til Stortinget, sa Solberg og viste til skattefrådrag for enøktiltak, etablering av ein grøn skattekommisjon, auka pengebruk frå klima- og energifondet og krav om at alle nye offentlege køyretøy skal ha låg- eller nullutsleppsteknologi.

Dagleg leiar Marius Holm i Zero håpa Solberg i sin første klimatale som statsminister skulle slå fast at løysinga ligg i lokale og nasjonale tiltak – ikkje i håpet om ein ny internasjonal klimaavtale og ein global pris på CO2. Men Solberg gjekk ikkje så langt.

– Det er eit stort behov for ein global pris på CO2. Behovet for ein forpliktande internasjonal klimaavtale er meir nødvendig enn nokon gong, sa ho og viste til at klimatiltak i vestlege land ikkje er tilstrekkeleg når nokre av dei raskast veksande økonomiane i verda er i Asia og Afrika.

– Men arbeidet for ein internasjonal klimaavtale kan ikkje stå i vegen for nasjonale tiltak, fastslo statsministeren.

Les siste klimanytt på klimasidene våre!

Ny månelanding
Den nye regjeringa er blitt kritisert for ikkje å nemne klimaproblemet som ein av åtte definerte satsingsområde i regjeringsplattforma. Og noko av det første ho gjorde, var å skrinleggje testsenteret for CO2-fangst og lagring på Mongstad.

– Ei dårleg, men nødvendig nyheit, sa Solberg. Ho lova derimot at løftet om å etablere minst eitt fullskala demonstrasjonsanlegg for CO2-handtering innan 2020, står ved lag.

– Då må satsinga på teknologi bli betre. Vi kan ikkje halde fram i same spor som tidlegare. Det kjem også til å vere synleg i budsjettet vi legg fram på fredag. Vi må tenkje grundig gjennom korleis vi skal gå vidare for å nå målet, sa ho.

Statsministeren understreka også at regnskogsatsinga skal haldast ved lag, trass i varsla budsjettkutt.

– Det er inga endring i regjeringsviljen til å innfri regnskogsatsinga, men budsjetteringa vil stå i samsvar med pengane som vert betalt ut, sa ho. (©NPK)

QUIZ: Ta den store klimaquizen!

Kva meiner du er det viktigaste politikarane kan gjera for klimaet?