Lettar byrda for språkdelte kommunar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 Kommunane har frå før av plikt til å opprette eigne elevgrupper dersom minst ti elevar på eit årstrinn ønskjer å få skriftleg opplæring på eit anna hovudmål. Men i slunkne kommunekassar er det ikkje alltid lett å finne dei ekstra kronene som trengst til lærar og undervisningsmateriell i slike sidemålsklasser.

Kommunal- og regionaldepartementet vil derfor gjere det lettare å språkdele klasser ved å understreke i regelverket at slike kommunar skal ha rett på ekstra økonomisk støtte frå fylkesmannen.

– Vi har løfta fram lovverket og gitt signal om at dette skal prioriterast, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

LES OGSÅ: Vestlandselevar betre i sidemål

Ingen nye pengar
Det er altså ikkje snakk om ei ny tilskotsordning til sidemålsklasser, men ei presisering av at kommunar med språkdelte klasser i større grad skal prioriterast når fylkesmannen deler ut frå den pengesekken som blir kalla skjønsmidlar.

– Dessverre er det slik at nokre kommunar opplever det som ei økonomisk byrde å sikre språkdelingskravet. Med denne presiseringa av retningslinjene, gir vi eit signal til fylkesmannen om at dei er forplikta til å vurdere om kommunane har ekstra utgifter til språkdeling. Det er altså ikkje sett av nye pengar, men språkdeling blir framheva når det gjeld fordelinga av potten vi har til skjønsmidlar, seier Navarsete.

LES OGSÅ: Jublar for eigen karakter i sidemål

Språkdeling skal ikkje tynge
Historia bak presiseringa av retningslinjene, er at Åmli kommune i Aust-Agder for nokre år sidan søkte fylkesmannen om pengar, skjønnstilskot i samband med utgifter til språkdeling. Men verken fylkesmannen eller departementet som søknaden blei vidaresendt til, kunne innvilge søknaden.

Med den nye formuleringa vil Navarsete leggje meir trykk på fylkesmannen til å dele ut pengar frå skjønsmiddelpotten til kommunar med språkdelte klasser. Målet er at færre kommunar skal oppleve språkdeling som ei belastning.

– Det er viktig for elevane, viktig for kommuneøkonomien og ikkje minst viktig for faget – at ikkje nynorsk får skulda for å vere ei «økonomisk meirbelastning», eller bokmål, som kan vere tilfelle i andre kommunar, seier kommunal- og regionalministeren.

LES OGSÅ: Vil gi ekstrapoeng til sidemålselevar

Går begge vegar
På førsommaren kravde ei gruppe foreldre i nynorskkommunen Sula på Sunnmøre å få eigen bokmålsklasse for barna sine for å få ned elevtalet i kvar klasse. Dei to førsteklassene ved den nybygde Langevåg skule på Sula sør for Ålesund hadde elles hatt 28 elevar kvar til hausten. Etter bokmålskravet blir det i staden tre førsteklasser, éi av dei ei bokmålsklasse på 14 elevar, skriv Sunnmørsposten.

Kommunalministeren er likevel ikkje bekymra for at språkdeling kan bli eit middel foreldra nyttar først og fremst for å krympe klasser. Ho tvilar på at eit forsterka trykk på fylkesmannen til å løyve pengar til språkdeling vil føre til ei oppblomstring av bokmålsklasser i tradisjonelle nynorskområde.

– Det handlar om rettane ungane skal ha. Det er rett og rimeleg at det kan gå begge vegar, seier Navarsete.

Ho understrekar at dei vil følgje med på utviklinga etter endringa i retningslinjene, som etter planen skal gjelde frå 2014.

– Men sjølvsagt vil ei eventuelt ny regjering kunne endre på dette med eit pennestrok, legg ei valkamptent Liv Signe Navarsete til.

LES OGSÅ: Vil starta med sidemål frå 2. trinn

Faktaboks

  • Skjønsmidlar er pengar som blir delt ut til kommunar frå staten og fylkesmannen etter skjøn.
  • Kommunal- og regionaldepartementet utarbeider sentrale retningslinjer for tildelinga av skjønsmiddel, desse blir normalt reviderte kvart år.
  • Ved skjønstildelinga skal fylkesmannen ta omsyn til utgifter som kommunane sjølve ikkje kan påverke, som geografiske og demografiske utfordringar.
  • Døme: Mange kommunar på nordvestlandet fekk tildelt skjønsmidlar etter ekstremvêret Dagmar.

Kjelde: Regjeringa.no