– Kjem aldri til å ha berre eitt språk

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Språk er makt og eit veldig viktig politisk spørsmål. Språk handlar om like moglegheiter for alle til å forstå det makta seier, seier SV-leiar Audun Lysbakken. 

Nynorske genar
Partileiaren var opningstalar under 200-årsfeiringa for Ivar Aasen på Deichmanske hovudbiblioteket i Oslo. Sola skein på bursdagsgjestene, som fekk servert blautkake og ei ny filminnspeling av «Dei gamle fjelli». I tillegg vart dei oppmoda til å leike seg med orda i «Mellom bakkar og berg», Aasens kanskje aller mest populære tekst.  

Nynorskens far er borte for lenge sida. Men dei fleste nordmenn, uansett målform, kjenner namnet hans. Aasen er kanskje død, men språket han kjempa for lever i høgste grad vidare. 

– Me kjem aldri til å verte eit land med berre eit språk, og me må slå frå oss ideen om det er ei målsetjing, seier Lysbakken, som meiner at nynorsk språk framleis er ei kampsak, 200 år etter Aasen sin fødsel. 

LES OGSÅ: Folk kjenner og likar Ivar Aasen

Årslang feiring
2013 er det offisielle språkåret, ei feiring av alle språk, men fødselsdagen til Ivar Aasen er eit høgdepunkt. Når leiaren i Språkåret, Inger Johanne Sæterbakk introduserer Audun Bjørlo Lysbakken, fortel ho at han har nynorske gener. Mor hans, Geirdis Bjørlo, er nemleg nynorsk barnebokforfattar.  

– Bursdagsbarnet kunne ikkje vere til stades i dag, men han er her gjennom alle dei nynorske tekstane på biblioteket, seier Sæterbakk.  

– Respekten for ulike målformer var sentral i min oppvekst. Sjølv om eg er bergensar og har bokmål som hovudmål er nynorsk ein viktig del av min identitet, seier Audun Lysbakken til Framtida.no. 

Han meiner at respekten for ulike språk stadig er like viktig i det moderne og fleirkulturelle Noreg. 

LES OGSÅ: – Partia heng etter i språkpolitikken

Provosert politikar
Partileiaren meiner at haldningane til sidemål ofte har ein samanheng med kor nær ein er språket.  

– Eg vert ofte provosert over kor lettvint omgang spesielt nokre Høgre-politikarar frå Austlandet har med slike språkspørsmål, seier Lysbakken.