Katrine Sele: – Ei stor ære

Dansk og engelsk er morsmålet hennar. Katrine Sele er årets vinnar av Kulturdepartementet sin nynorsk journalistpris.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg vart utruleg glad og rørt då eg fekk vite at eg får denne prisen. Å bruke nynorsk i journalistikken er å høyre til i ein sterk skrifttradisjon, med svært mange gode journalistar å velje mellom. At eg då vert plukka ut kjenner eg som ei stor ære. Eg lurer ofte på om det eg skriv betyr noko for nokon, og prisen gjev meg svar på det, for ei stund, seier Katrine Sele, journalist i Firda i Førde, den største nynorskavisa i verda.

LES OGSÅ: Nynorsk journalistpris til Sele og Sandvik

Det stod ikkje skrive i stjernene at Katrine Sele skulle bli nynorskbrukande journalist i Sunnfjord. Fødd i København i 1972, med dansk mor og far frå Stavanger. Han snakka riksmål. Foreldra til Katrine ville sjå verda og difor fekk ho ein oppvekst i Skottland, Zimbabwe, Bærum og Singapore.

Ho har ein Bachelor i kunst frå Brown University, Rhode Island i USA, med litteratur som hovudfelt og journalistutdanning frå Høgskulen i Oslo. Sele har arbeidd som journalist i Firda sidan 1998, med kultur og reportasje som hovudfelt. Ho har skrive tre bøker og medverka i tre andre.

– Korleis hamna du i Firda?

– Eg var saman med ein amerikanar som fekk seg jobb på Verdsgymnaset (UWC) i Flekke i Fjaler. Vi hadde nett flytta heim til Norge og eg gjekk på journalistskulen. Eg skjønte at skulle vi bu her var det Firda eg måtte satse på.

– Med dansk og engelsk som morsmål?

– Ja, eg hadde vore utanlands i mange år og skreiv dårleg bokmål. Sidan eg satsa på Firda skifta eg til nynorsk midt i journalistutdanninga, før eg var heime
i bokmålet. Norsklæraren på journalisthøgskulen gjorde store auge.

– Det gjorde dei kanskje i Firda óg?

– Eg kom dit med stor begeistring for nynorsken, men langt frå stødig i språket. Heldigvis hadde eg tolmodige kollegaer som sette seg ned med meg for å lære meg kva som var rett og gale. Særleg har Kjell Ove Nordeide brukt mange timar på meg og språket mitt, og lenge sende lesarane artiklane mine attende fulle av raude strekar og rettingar.

Katrine Sele hadde ikkje noko forhold til nynorsk, bortsett frå at ho hadde lese det ein del, fordi ho var ein lesande unge. Å møte nynorsken var eksotisk. Ho hugsar enno godt fyrste gongen ho såg ein buss med skiltet ”Ikkje i rute”. Det var ei anna verd, ein ny kultur. – Det er spennande å lære nye språk, det har eg gjort mange gonger før. Kvart språk har sitt uttrykk, sine ulike stemningar og kvalitetar. Engelsk har mange ord og vert utbrodert.

Nynorsk er meir kortfatta, det einskilde ordet betyr meir. Det kan vere eit stort ekko i enkle setningar og ord.

– Har nynorsk vorte språket ditt?

– Ikkje munnleg, men etter kvart flytta det inn ei sunnfjords stemme i meg i det skriftlege. Eg prøver stundom å ta notat på bokmål, men det vert nynorsk.

– Kva er din språklege identitet?

– Det byrja eg å lure på då Hilde Sandvik skreiv kommentaren ”Kjærleikens sørgereise”, om sorga over at nynorskbrukarar blir tvinga til å skrive bokmål. Eg vart bekymra over om eg hadde forlate noko av identiteten min.

Men eg kom til at eg er ein språkleg nomade, med mange morsmål. Eg snakka dansk heime og engelsk ute i elleve år, og har bytt språk heile livet. Eg har ikkje den nærleiken til eitt språk, det er mange språk som er mine. Identiteten min er å vere fleirspråkleg.

– Juryen for denne prisen seier at du er eit døme på at ”bokmålsbrukarar kan bli gode nynorskbrukarar, om dei vil, kan og må”. Og du er eit døme på at det er viktig med sidemålsundervising i skulen. Kva meiner du om det?

– Det vil vere frykteleg synd om sidemålsundervisinga vert borte i skulen. Eg vert ein betre språkbrukar av å kunne begge språka, og betre i bokmål av å kunne nynorsk. Gjennom nynorsken får vi tilgang til ein flott samtidskultur og ein stor kulturarv. For å få glede av alt dette må bokmålsfolk lære nynorsk i skulen. At mange av dei seier at det er tungt å lese nynorsk er nettopp eit argument for at alle må lære det.

Sjølv har Katrine Sele aldri hatt sidemålsundervising i skulen, men ho har inntrykk av at nynorsk som sidemål ikkje vert gjort spennande nok. – Dei kan byte ut Tarjei Vesaas med Olaug Nilssen og Carl Frode Tiller, og mange andre nyare forfattarar som skriv nynorsk. Eg trur det ville hjelpe mykje både på holdningar og fordommar.

– Men i Firda må du skrive nynorsk, sjølv om du snakkar bokmål. Slik Harald Stanghelle må skrive bokmål i Aftenposten, sjølv om han snakkar nynorsk?

– Ja, og eg tykkjer det er veldig rett at vi skriv nynorsk i lokalavisa Firda. Avisa kjem ut i det største og sterkaste nynorskområdet i landet, og Firda medverkar til at det er slik. Språket i media er svært viktig for framtida til nynorsken, både lokalt og nasjonalt. Som bokmålsbrukar har eg mange val til kvar eg kan arbeide, det har ikkje den nynorskbrukande journalisten. Eg er opprørt over at det ikkje er skriftleg jamstilling i riksavisene, at nynorskfolk vert tvinga til å skrive bokmål der. Det er synd både for dei, lesarane og det språklege mangfaldet her i landet.