Kanelbollar, finsk språkrefs og bokmålsbrukarens manglande sjølvtillit

Øystein A. Vangsnes
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Språk og kanelbollar

«Ut med engelsk!» utbraut Sanna Sarromaa i ein VG-kronikk 30. oktober i år. På kort tid har den finske historikaren, kjønnsforskaren og bloggaren frå Lillehammer etablert seg som språkrefsar i den norske offentlegheita. Mest merksemd skapte ho med skyllebøtta «Det norske språks forfall» 8. september om nordmenns manglande evner på rettskrivingsfronten. Eg reiv meg i det håret eg ikkje har, av den kronikken, men gjorde ikkje stort meir med det enn å tvitra litt oppgitt hit og dit: Heldigvis var det andre som sette henne på plass, slik som mellom andre Erlend Vågane med sitt forsvar for feilskriving.

LES OGSÅ: Eit forsvar for feilskriving

Språkslappe nordmenn
Men no sist var det den omfattande bruken av engelsk i alle moglege samanhengar – i Noreg – Sarromaa ville til livs. Ho var oppgitt over at det blir brukt så mykje engelsk i reklamar, annonsar og firmanamn her til lands, og ho avrundar kronikken sin med å seia: «Engelsk, med 400 millioner brukere, klarer seg utmerket godt uten vår innsats, men det gjør ikke norsk. Vi har alle et ansvar, så ikke skriv på engelsk det du kan skrive på norsk.»

Det er sikkert mange som deler Sarromaa sitt syn, men like sikkert er det at det må vera eit stort fleirtal av nordmenn som ikkje gjer det, eller som i alle fall engelskspråkleg reklame, annonsar og namn appellerer til. For elles ville jo ikkje fenomenet ha eksistert! Viss reklamebransjen og den aktuelle delen av næringslivet tenkte at bruk av engelsk fell i dårleg jord hjå mottakarane, ja, kvifor ville dei då bruka dette verdsspråket framfor norsk i så stor utstrekning?

LES OGSÅ: Oslo Arbeiderparti og det pubertale nynorskhatet

Cinnamon Roll + kaffe
Eg var grunnleggjande einig med Sarromaa i denne siste teksten hennar, og då eg sist sundag gjorde ein stopp på Shell i Bjerkvik på mi ferd frå Lofoten og heim til Tromsø, måtte eg berre ta eit bilete av reklamen for «Cinnamon Roll + kaffe» som lyste imot meg der eg hasta inn i butikken for å kjøpa spylevæske. Kva er gale med ‘kanelbollar’, ‘kanelsnurr’ eller jamvel ‘shillingsbollar’, liksom?! Og kvifor står det «kaffe» og ikkje «coffee»? Pussige greier! Spylevæske var dei forresten heilt fri for, så eg enda opp med å kjøpa ublanda «screenwash» istaden, og så måtte eg stå der i kjølda og blanda ut med vatn. 

LES OGSÅ: Tone får støtte frå nynorskforkjempar

Språklandskap i Oslo og på Voss
Men trass i semjen med Sarromaa sakna eg ein djupare analyse i kronikken hennar. Kanskje vore det for mykje forlangt av henne som ikkje er språkforskar, men andre har nyleg sett på fenomenet. I år, faktisk! Lingvisten Karine Stjernholm, som i fjor disputerte på ei avhandling om språk og stad i Oslo, har på oppdrag frå Språkrådet studert og samanlikna dei språklege landsskapa på Grünerløkka og Majorstua i Oslo og på Voss. Heile rapporten, Urbane offentlige landskap i bygd og by: Lingvistiske landskap i Oslo og på Voss , kan lesast her og ein kort artikkel med dei viktigaste funna står i Språknytt 3/2014.

Hovudkonklusjonen i rapporten er at norsk dominerer bybiletet både på Oslo Øst og Oslo Vest og på Voss. Samtidig er innslaget av engelsk størst på Majorstua med så mykje som 30% av butikknamna på engelsk mot 30% norske – på Grünerløkka er fordelinga 16 prosent engelsk mot 45 prosent norsk, og på Voss er 80 prosent av butikknamna norske. Nynorsk er nærmast fråverande i bybiletet i Oslo, men godt synleg på Voss.

LES OGSÅ: Store skilnader i språkbruk mellom Oslo og Voss

Bokmålsbrukarens manglande sjølvtillit
Og det resultatet, altså at bruken av norsk står sterkare på Voss enn i Oslo, får tankane over på noko eg høyrde styreleiar i Språkrådet, Ottar Grepstad, seia under utdelinga av Språkprisen 2014 tysdag i forrige veke. Han refererte ein tidlegare prisvinnar som skal ha sagt: «Mange bokmålsbrukarar er for lite opptekne av sitt eige språk og gir i staden auka sosial status til engelsk og lågare sosial status til nynorsk». Er det slik at nynorskbrukarar er meir opptekne og medvitne om sitt eige språk og difor i mindre grad gir etter for presset frå engelsk?

LES OGSÅ: Meir sexy av nynorsk

Språkhistorie
Også Sarromaa er innom nynorsk i Ut med engelsk-kronikken sin i eit avsnitt der ho fortel om opplevinga ved for første gong å ha fått ein eigen tekst omsett til nynorsk («Draumen om Finland» i siste nummer av Syn og Segn). Og i avsnittet røper ho manglande innsikt i den norske språkstoda. Ho skriv: «Som historiker er jeg også smertelig klar over at nynorsk var en snodig idé som oppstod med 1800-tallets nasjonalsjåvinisme, og er slik sett akkurat like kunstig og oppfunnet som bunaden – eller hele nasjonen, for den saks skyld.» Utsegna held ikkje mål historiefagleg og ein får lyst til å gi Sarromaa ein leksjon i såvel ytre norsk språkhistorie samt korleis etableringa av hennar eige skriftspråk, finsk, gjekk føre seg, og gjerne også korleis etablering og normering av skriftspråk meir allment føregår.

Men det er no ei innsikt også mange nordmenn manglar, og kanskje det viktigaste i denne samanhengen er å peika på det språklege medvitet den norske språksituasjonen gir – definitivt for den nynorskbrukande minoriteten som er nøydde til å ta omsyn til begge dei norske språkformene og potensielt for den bokmålsbrukande majoriteten som i større grad kan velja å gjera det. Og like lite som Sarromaa med sine tekstar har vist forståing for at språk er ein sosiologisk kamparena, hadde ho vel forventa at nettopp nynorsk skulle vera ein god medisin for den sjukdomen ho har diagnostisert: Den massive engelskpåverknaden.

LES OGSÅ: Nynorsk som fullverdig dataspråk

Hjartespråk
Men eg vil rosa Sarromaa for den aller første VG-kronikken om språk som ho hadde 9. juli i år: « Morsmål er hjertets språk. Der gir ho mellom anna åtte gode råd til korleis ein kan oppdra ungen sin tospråkleg, og eg har inkje å utsetja på teksten – han er fin!

Ja kuin kaikki varmaan huomaavat: Vaikka olen kaksikielinen – jopa monikielinen – uusnorja on minun sydämeni kieli!

Kommentaren vart først publisert hos Forskning.no