Instagramutstilling om kroppspress

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Mobilutstilling om kroppspress

Saka var først publisert i Møre-Nytt. 

Næss Korslund er i ferd med å avslutte studiet i Media, IKT og Design ved Høgskulen i Volda, og har valt å lage ei heilt spesiell bacheloroppgåve, melder Høgskulen i Volda på nettsidene sine.

1. mai lanserer ho ei fotoutstilling på bildedelingstenesta Instagram, som er lett tilgjengeleg på mobiltelefonen, med bilete av sju kvinner i alderen 17-25 år.

LES OGSÅ: Hoppar over frukosten for sminken 

Vert påverka
Med det ønskjer ho å skape debatt og engasjement om det ho meiner har vakse fram som eit problem i samfunnet – kroppspress blant jenter og kvinner i sosiale medium.

– Eg har sjølv lagt merke til korleis eg vert påverka av treningsvideoar med tynne kvinnekroppar og matbilete der fokuset er å ha eller få ein tynn kropp, som blir lagt ut i sosiale medium.

Næss Korslund har tenkt mykje på temaet det siste året.

– Det påverkar jenter og dei bruker mykje tid på å tenkje på det. Det er noko som eg har irritert meg over. Eg kjenner eg vert påverka av bilete av ekstremt godt trena kroppar som er veldig brune. Nokre av dei et kanskje eit halvt eple om dagen, og det er ikkje sunt. Det handlar ikkje om ein er tjukk eller tynn, men om det er sunt. Det sunnaste er kanskje ikkje å bry seg så mykje om bileta, smiler ho.

LES OGSÅ: Reagerer på usunt kroppspress 

Forskjellige jenter
Men bry seg om det er akkurat det ho skal i tida framover. Ho har intervjua dei sju kvinnene og tatt bilete av dei. Frå 1. mai vil ho ho presentere ei kvinne kvar dag på instagramprofilen «@speilbildene», som ho har oppretta spesielt til bacheloroppgåva si.

– Eg skal ha eit ansiktbilete og eit bilete av ein kroppsdel av kvar av dei. I tillegg vil eg ha ein liten tekst for kvar jente der dei beskriv sitt forhold til kvinnebilete i sosiale medium, og kva slags råd dei vil gi til andre, fortel Næss Korslund, og røper samstundes av ein vil kome til å få sjå både mage, puppar, lår, kne og ein heil kropp.

Ho var bevisst i utvalet av kvinner til fotoutstillinga.

– Først valde eg aldersgruppa 17-25 år. Så ville eg ha med forskjellige typar jenter, med ulik kroppsfasong og ulike interesser.

LES OGSÅ: Kven er finast i landet? 

Fokus på flat mage og sprettrumpe
Og bachelorstudenten har merka seg ein viss forskjell i haldningane kvinnene har til bilete som blir spreidd i sosiale kanalar.

– Dei eldste er meir bevisst på kva dei sjølv og andre legg ut av bilete. Mens dei som er yngre ikkje er like reflektert, men dei blir likevel påverka av andre sine bilete, seier Næss Korslund, som har starta opp eit enkelmannsføretak under studietida i Volda, og driv som fotograf ved sidan av skulen.

Blant spørsmåla ho stilte dei ho fotograferte var kva dei var minst fornøgd med på sin egen kropp.

– Rumpe, lår og mage var kroppsdelar som gjekk igjen.

Det får Næss Korslund til å prate vidare.

– Det er mykje fokus på til dømes at ein skal ha ein flat mage og ei veltrena sprettrumpe. I store magasin og aviser kan ei overskrift til dømes vere «Få flat mage på fem veker». Det er aldri slike overskrifter om veltrente leggar, seier ho og let orda hengje i lufta.

LES OGSÅ: Elevar blir mobba på NRK-inspirerte Instagram-kontoar 

God nok som ein er
Speilbildene – namnet på utstillinga – er langt frå tilfeldig. Det er nemleg eit av verkemidla hennar.

– Eg ønskjer å ta opp at dei «feila» ein ser i spegelen, er det berre ein sjølv som ser. Ein skal være stolt av det ein ser i spegelen. Bileta på mange av dei mest populære bloggane som jenter er innom, viser tynne, veltrente og moteriktige modeller som går på catwalken. Det er dei mange jenter får som førebilete. Eg vil prøve å vere med på å endre haldningane til det. Ein treng ikkje alltid å strekkje seg etter dei uoppnåelege måla. Eg ønskjer å bevisstgjere at ein må vere glad i den ein er, og vere fornøgd med det.

Med bacheloroppgåva si på Instagram håper Volda-studenten at kvinner blir meir bevisste på kva slags bilete dei legg ut i sosiale medium.

– Bildeserien min endrar nok ikkje verden, men den kan forhåpentleg gjere folk meir bevisst. Om eg endrar eit sinn frå misfornøgd til fornøgd har eg gjort noko bra.

LES OGSÅ: Elevkalenderen får gullbarbie for kroppspress 

Håper på debatt
No ser ho fram i mot at ho skal sleppe bildeserien ut på Instagram.

– Eg håper folk kommenterer, liker, deler og vert inspirert av bileta mine. Det første døgnet etter at eg oppretta profilen «@speilbildene» fikk eg 120 følgjarar, og det var langt meir enn forventa. Eg håper berre at prosjektet vert godt motteken og at det skapar litt debatt.

Og ho innrømmer at ho er spent på kva bacheloroppgåva fører med seg.

– Eg har aldri sett at nokon har hatt ei fotoutstilling på Instagram tidlegare. Tanken var først ei vanleg analog utstilling, men rettleiaren min bad meg tenke annleis. Og då vart det i staden ei digital utstilling som er enklare for folk å respondere på, seier Næss Korslund, med ei tryggheit om at ho er klar for å ta debatten i sosiale medium.

Du kan følgje Gina si fotoutstilling ved å søke opp profilen @speilbildene på Instagram frå 1. mai.