Innvandrarar vil helst flytte til bygda
Ein ny studie viser at innvandrarar helst til busetje seg på bygda.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Innvandrarar vil flytte til bygda
Ein ny studie viser at innvandrarar helst til busetje seg på bygda.
Norsk institutt for by- og regionforskning har på oppdrag for Distriktssenteret undersøkt innvandringa i Tynset, Haram og Vestvågøy, skriv NRK.
Kva kan du om innvandring? Ta quizen!
Studien viser også at innvandringa til bygdene er større enn til byane.
– Veldig mange opplever at dei lettare får ein stad å bu, og at det er rimelegare å bu i distrikta, seier Aadne Aasland, seniorforskar ved Norsk institutt for by- og regionforskning.
Han fortel òg at mange føler dei blir sett som dei er på bygda, medan dei i byar opplever at dei bur i gettoar eller at dei ikkje får kontakt med dei lokale.