Ingen bevis for at mobilstråling er farleg

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Ikkje farleg å ringja

 

Det kan verken påvisast auka risiko for kreft, nedsett fruktbarheit hos menn, andre skader på reproduksjon, andre skader på nervesystemet eller andre sjukdommar og helseskadar, konkluderer dei norske og svenske forskarane i rapporten «Svake elektromagnetiske høyfrekvente felt – en vurdering av helserisiko og forvaltningspraksis».

Det var dei mange bekymringsmeldingane som gjorde at styresmaktene bad ei ekspertgruppe greie ut om slike svake felt likevel kan gi helseeffektar. Gruppa la fram konklusjonen sin torsdag.

LES OGSÅ: Kontorarbeidarar forbrenn like mykje som jegerar

Her peikar forskarane blant anna på at grenseverdiane for såkalla svake felt frå mobiltelefonar og anna sendeutstyr er 50 gonger under det nivået som kan gi oppvarming av menneskeleg vev, eller som kan få nerveceller til å fyre av signal.

Mange har opplevd at øyret blir varmt når dei snakkar lenge i telefonen, men dette kjem ikkje av stråling, roar assisterande direktør Jan Alexander ved Folkehelseinstituttet, som har leidd ekspertgruppa.

LES OGSÅ: Får bygda opp av sofaen

– At huda blir varma opp litt, kjem av varmen frå batteriet og ikkje frå radiosendaren i telefonen. Det elektromagnetiske feltet bidrar i svært lita eller inga grad til oppvarminga. Kroppen vil «fjerne» varmen gjennom blodgjennomstrøyminga, på same måte som kroppen elles regulerer temperaturen, seier han.

Ekspertgruppa fann det heller ikkje bevist at mobiltelefonar og anna utstyr kan gi helseplager, slik som el-overfølsemd. (©NPK)