Har du sprøyteskrekk?

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Science Daily skriv om forskarteam ved MIT (Massachusetts Institute of Tecnology) og Massachusetts General Hospital som saman har funne ei overraskande enkel løysing på sprøyteskrekk-problemet.

Dei har laga ein kapsel som inneheld mikroskopiske sprøytespissar – og som på den måten kan senda medisin rett i systemet sjølv om ein berre svelgjer ei vanleg pille.

Med det kan ein sleppa unda injeksjonar med sprøyte i framtida – men blodprøvar og liknande må nok gjerast med ein sprøytespiss ei stund til.

LES OGSÅ: No forsvinn tannlegeskrekken

Meir effektiv
Kapselen dei laga er ikkje stor, sjølv om det kan virka slik om ein ser for seg sprøytespissane som rasar ned mot magesekken. Prototypen dei har funne er 2 cm lang og 1 cm vid – med andre ord ikkje mykje større enn ein vanleg Paracet.

Kapselen har til no blitt testa med insulin på dyr. Ut ifrå forsøka virka det til at kapselen faktisk var meir effektiv enn å setja ei sprøyte i magen, skriv Science Daily. Dei legg til at det verken er smertefullt eller skadeleg.

LES OGSÅ: Mindfulness på timeplanen?

Difor må me ta sprøyter
Grunnen til at me har måtte tåla sprøytespissen, skriv Science Daily, er at dei store proteina som er i mange typar medisin blir brotne ned i magen før dei kjem ut i systemet om ein tek det i pilleform. Difor må det sendast direkte i blodstraumen via den skarpe sprøytespissen.

– Storleiken på desse biologiske medisinane gjer at dei ikkje kan absorberast i kroppen. Og før dei i det heile kunne blitt absorbert ville dei blitt brotne ned av magesyre og enzym som et opp molekyla og gjer dei inaktive, seier Carl Schoellhammer, som leda arbeidet med avhandlinga.

LES OGSÅ: Fleire unge plaga av slitasjegikt