Han trur sogningar (kanskje) skarrar om femti til hundre år

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Skarrar om minst 50 til 100 år

Først publisert på Porten.no

Sogndal: Språk endrar seg, stor tilflytting og mykje kontakt med naboane gjer at endringane skjer fortare. Det er den grunnleggjande sanninga sjølv ikkje sognamaolet slepp unna.

Og mange av endringane kjem vi ikkje ein gong til å merke.

– Ein runde hund. Den e-en der, den kan fort forsvinna og det er slikt som folk ikkje tenkjer så mykje over, seier Øystein Vangsnes, språkprofessor på Universitetet i Tromsø og Høgskulen på Vestlandet.

Les også: Språkprofessor i nynorskkrangel med kjendisveterinær

Endringane vil skje raskare
På oppdrag frå biblioteket heldt han denne veka eit føredrag om korleis sognamaolet vil høyrast ut når dei færraste av oss vil vere her for å oppleve det.

POPULÆRT TEMA: Mange hadde møtt fram for å få ein status på tilstanden til sognamaolet. Ikkje alle spådomane dei fekk høyre var like hyggjelege. 

Femti til hundre år fram i tid ser språkprofessoren for seg at unge sogningar vil halde på tonefallet, ao-lyden (som i stao no pao), a-infinitiv og i-mål (som i Sogndalselvi).

Karakteristiske trekk han trur vil kunne forsvinne er uttalen av badl og gutadn, som fort kan måtte vike for ball og gutane. For den jamne sogning er det kanskje enno større farar som truar. Nordfrå rykkar retrofleksane (som i ei austnorsk ert utan rulle-r) stadig nærare, medan skarre-r`en truar frå sør.

Alt er sjølvsagt berre hypotesar, men ein ting er sikkert, meiner professoren:    

– Det vil endra seg fortare enn det har gjort, nettopp fordi det no er så mykje mobilitet, seier han.

Trur ikkje sognamaolet vil dø
Som lærar i Sogndal gjennom mange tiår har Vidar Lægreid fått merke utviklinga på kroppen. Han er kanskje enno meir pessimistisk enn språkprofessoren.

Uroa for sognamaolet

UROA: Vidar Lægreid var ein av dei mange tilhøyrarane på føredraget. Han fryktar for framtida til sognamaolet.

– Ungane er i ferd med å fjerna frå seg frå den typiske sognanynorsken, frå å bruka me og a-infinitiv, til å bruka vi og e-infinitiv. «Me» er ein del av identiteten vår, men kan vere i fare for å forsvinna. Eg likar det ikkje, seier Lægreid. 

Han er oppteken av ungane skal leggje skriftspråket så nære talemålet som mogleg. Men trur påverking utanfrå gjer det vanskeleg å halde på mange av særprega.

Trass dei tilsynelatande dystre spådomane, vil ikkje språkprofessor Vangsnes snakke om ei fare for at sognamaolet vil forsvinne heilt.

– Det er ikkje grunn til det, for eg trur det alltid vil ha eit særpreg. Men det tradisjonelle sognamaolet vil heilt sikkert ikkje halda seg akkurat slik det er no.