– Hald fram med å bruke nynorsk

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Noregs mållag er i desse dagar på farten gjennom Vest-Telemark i den knæsj oransje bilen med Nynorskstafetten. Ei reise der dei lokale mållaga bestemmer programmet og representantar frå mållag og målungdomen informerar på stoppestadane.

– I dag har me mellom anna besøkt ungdomsskuleelevar og ordføraren i Seljord, før turen gjekk vidare til Kviteseid og møte med kommunens 7. klassingar, fortel Anne Straume når ho kjem til Kviteseid skule og 7. klasse måndag.

Elevane i 7. klasse går siste året på barneskulen. Neste år er dei ungdomsskuleelevar og får høve til å bestemme kva mål dei vil ha som hovud- eller sidemål.

– De er ekstremt heldige som har høve til å halde fram med nynorsk og lære det skikkeleg. De kjem til å bli ein kjemperessurs for samfunnet om de held fram med nynorsk ut vidaregåande, og det vil de sjå verdien av seinare. Her i Vest-Telemark veks me opp med to språk, bokmål og nynorsk, for det er rundt oss heile tida.

Mellom anna i skulen, slik me snakkar og kva me høyrer og les i media, sa Straume.

Skriv nynorsk
– Kva er språk, undra ho då ho møtte ungdommane i Kviteseid.

Elevane ramsa opp ulike svar som viste at dei kunne mykje om dei ulike norske språka, kva språket er og kva det kan seie om eit menneske.

– Språk er identitet, men kan de høyre kvar eg kjem frå, undra Straume på klingande bokmål.

Mange gjetta. Oslo, Skien og Porsgrunn blei nemnt. Litt overraska blei andleta då Straume fortalte at ho kom frå Fyresdal.

– I barnehagen prøva eg å snakke dialekt, men det passa ikkje, det blei heilt rart så eg fortsette å snakke slik foreldra mine gjer. Det er mange som har spurt kvifor eg ikkje snakkar nynorsk elle dialekt, men slik blei det ikkje, smilte ho.

Men trass i bokmålsbruken har Straume heilt sidan skulestart vore bevisst på at skriftspråket skal vere på nynorsk.

– Til og med då me flytta til Oslo då eg gjekk i 9. klasse heldt eg fast på nynorsk. Eg har ikkje hatt ein undervisningstime til nå på bokmål. Eg føler eg kan utrykkje meg betre på nynorsk og det er ein del av min identitet å bruke dette skriftspråket. De er så heldige som har høve til å lære nynorsk, ikkje ver redd for å forsvare språket du brukar. Er det nokon som har vurdert å gå over til bokmål neste år når de startar med sidemål?

Av alle elevane var det ei som hadde bestemt seg for å velje bokmål som hovudmål neste år.

Opphavet
– Men korleis fekk me det nynorske skriftspråket, undra Straume.

Elevane var kjent med at det var ein mann med namnet Ivar Aasen, som reiste rundt i landet for å samle inn dialektar. Og som vidare forma det meir dialektnære skriftspråket.

– Mange trur at nynorsk er laga for å irritere ungdom i Oslo i 2013, men det er feil altså, smilte ho.

– Uansett kva dialekt du snakkar, hald fram og vis at du er stolt av det, oppmoda leiar i Kviteseid mållag, Einar Leiv Søreide.

På gamle trakter
Nynorskstafetten vitja denne veka Seljord, Kviteseid og Nissedal. I dag er dei på besøk i Vinje, og stikk mellom anna innom garden der Ivar Aasen overnatta i Rauland. Fredag går turen til Tokke, og laurdag er stafetten på Vest-Telemark museum i Eidsborg der lokallaget har varsla at Aasen sjølv truleg vil kome innom.

Les saka i Vest-Telemark Blad!

Faktaboks

Nynorskstafetten
– I 2013 er det 200 år sidan Ivar Aasen blei fødd, difor feirar ein Språkåret 2013.
– Noregs mållag arrangerer Nynorskstafetten gjennom heile Noreg.
– Mållaget ynskjer at Språkåret skal bli ei politisk markering for nynorsk.
– Ulike representantar frå mållaget vil køyre i Aasens fotspor.
– Lokallaga lagar opplegg på dei ulike stoppestadane.
– Fram til 19. oktober vil bilen rulle og ha 143 stopp.
Kjelde: Noregs mållag