– Gutane må ta ansvar og jentene må sei nei

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Alle må ta ansvar

– Me hadde eit møte mellom heile russen, politiet, helsesøster og Sanitetsgruppa. Der lærte me mykje nytt, mellom anna om kva som kan reknast som valdtekt – til dømes at å snakka om sex utan samtykke er på grensa, fortel Anne Egset, ein av russepresidentane i Volda.

Saman med resten av kullet sitt er ho klar for å feira slutten på tre år med vidaregåande, og tek på seg russebuksa. I russetida er det ofte mykje fokus på fyll og sex. For å unngå at grensa blir broten, jobbar russen no for å bli meir bevisste, fortel Egset.

– Kampanjen går ut på at gutane må ta ansvar og jentene må få sei nei, seier ho. Mellom anna blir det delt ut boksershorts blant russen, med bodskap skrive på. «Eg tek ansvar» står på gutemodellen, og «Nei er eit nei» står på jentemodellen.

LES OGSÅ: Ho vart trua med valdtekt – då tok ho kontakt med mødrene

Delt ansvar
Det er ikkje berre i Volda valdtekt og overgrep blir diskutert i samband med russetida. Over heile landet deler Amnesty International ut strykemerker til russebuksene, der det også står «Nei er nei».

– Det er ein grunnleggande menneskjerett å kunne bestemma sjølv over sin eigen kropp og seksualitet, valdtekt er eit alvorleg brot på denne retten. Amnesty meiner nei er nei, og skal respekterast – uansett, står det på Amnesty sine sider.

Dei oppmodar alle til å halda auga opne og ta vare på kvarandre.

– Pass på at kameraten din ikkje vaknar opp som valdtektsmann i morgon, fordi han ikkje skjønte kor grensa gjekk. Er du usikker på om veninna di er med på noko ho eigentleg ikkje ønskjer, så bryt inn og spør, står det vidare hos Amnesty.

Kampanjen har blitt motteke godt, ifølgje dei sjølv.

– Mottakinga kampanjen har fått av russen er overveldande. Søkjer du på #neiernei på sosiale media, oppdagar du fort at russen er klar til å ta ansvar for både eigen og andre sin tryggleik, seier Patricia Kaatee, politisk rådgivar i Amnesty, og minner om dei seks reglane for sex (sjå faktaboks).

LES OGSÅ: Vil avskamme seksuelle overgrep

Kvar går grensa?
Debatten om kva som er greitt og ikkje har blussa opp etter ein episode av Trygdekontoret, der ein Kari Jaquesson-karakter vart brukt i ein porno-parodi. Fleire innlegg har blitt kasta inn, og at grensa ofte blir broten vart klarast i sosiale media-kampanjen #jegharopplevd.

– Slår du mange nok historiar saman, så blir det eit problem. Veldig mange var klare for å snakka ut, og reaksjonane har vore overveldande, sa Charlotte Myrbråten, debattredaktør i Fett. Ho sto bak kampanjen som dominerte sosiale media.

– Det er nok mange som har gått over streken utan å tenkja over det sjølv. Det er mange gråsoner, og det er vanskeleg å seia ifrå. Me må bli flinkare til det, og støtta kvarandre. Mange jenter ned i 11-12 år seier at tafsing er utbreidd og at hore er eit vanleg skjellsord i skulen. Eg trur dei veit, på eit nivå, at det ikkje er slik det skal vera. Men så lenge dei ikkje får støtte er det vanskeleg å sei ifrå og setta foten ned, legg ho til, og etterlyser meir openheit rundt temaet.

Det gjer dei også i Volda. No går praten lettare.

– Mange visste ikkje at det var slik, og då me såg videoar om korleis det kunne gå føre seg, var det nok mange som opna auga og vart meir obs, seier russepresidenten Anne Egset.

Det er likevel ikkje i heimbygda dei treng å passa mest på, trur ho.

– Å bli utsett for noko slikt i ei lita bygd som Volda er det liten sjanse for, det håpar eg i alle fall. Men på større russetreff, til dømes på Tryvann eller Lillehammer er det annleis. Derfor snakkar me ein del om valdtekt og det å sei nei.

Ikkje berre gutane
– Den andre russepresidenten (som er ein gut, jour.anm) sa det var litt ubehageleg å snakka om valdtekt, fordi det virka som det var gutane sin feil kvar gong,  Det skjer sjølvsagt andre vegen også, så eg forstår at gutane kan bli litt leie av å alltid få skulda, held russepresidenten Anne Egset fram.

President for Oslorussen, Mia Therese Starberg, seier til Dagsavisen at alle må kunne gå inn i russetida utan å vera redde.

– Alle har eit sjølvstendig ansvar for ikkje å drikka meir enn at dei kan ta ansvar for eigne handlingar og ta hensyn til andre anten dei har sagt nei i klartekst eller ikkje. Samstundes trur eg at skulen burde ha større fokus på desse tinga. Mange unge har ikkje peiling på kva dette faktisk inneberer, seier ho til Dagsavisen.

Ho meiner alle må ta ansvar.

– Dette gjeld ikkje berre jenter. Også gutane har eit eige ansvar for å sei ifrå om at dei ser kompisen tek seg til rette eller blir nærgåande på ein kjip måte overfor ei jente – anten ho er edru eller full. Du går ikkje rett forbi og latar som ingenting, seier russepresidenten.

Også russetreffet på Tryvann er ein del av Amnesty sin kampanje mot valdtekt i russetida. Årets russetreff på Tryvann startar torsdag 30. april, og går gjennom helga.

LES OGSÅ: – Mange jenter på 12 år seier at «hore» er eit vanleg skjellsord

Faktaboks

Amnesty sine seks reglar for sex:

1. Begge partar må vera einige om at  de skal ha sex. Er du i tvil, så spør!

2. Du avgjer sjølv når og kor du vil ha sex, og kven du vil ha sex med

3. Du skal respektera at andre har den same retten

4. Du kan alltid ombestemma deg. Det kan også den andre parten.

5. Overstadig rusa og/eller sovande personar kan ikkje samtykkja til sex

6. Ta vare på kvarandre, og bry deg om kva venene dine gjer!

Kjelde: Amnesty