Genar påverkar musikalitet
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Mor og far kan presse deg til gitartimar eller korpsøving så mykje dei berre vil. Likevel vil også genane dine spele inn for kor vellukka du kan bli som musikar, skriv Science Daily.
I ein studie av 850 tvillingpar har nemleg forskarar ved Michigan State University (MSU) funne ut at genar og miljø arbeider saman for å gjere folk til gode musikarar.
– Debatten om arv og miljø har rasa sidan psykologiens fødsel. Denne studien syner at begge deler spelar inn og at dei påverkar kvarandre, seier Zach Hambrick, som er professor i psykologi ved MSU.
LES OGSÅ: Stirer du på ein skjerm dagen lang?
Ifølgje Science Daily pløyer studien ny grunn, ved å syne den særskilte rolla til genane.
Studien syner mellom anna at:
– Vellukka musikarar øver mykje meir enn dei som ikkje er vellukka.
– Kor tilbøyelege vi er til å øve, vert delvis drive fram av genetikk. Dette fann forskarane ved å samanlikne einegga tvillingar, som deler 100 prosent av sine genar, med toegga tvillingar, som deler 50 prosent av genane. Funna tyder på at genane påverkar kva slags aktivitetar vi følgjer.
– Når det kjem til musikkprestasjon, har genar større innverknad hjå dei som øver, enn hjå dei som ikkje øver.
Malcolm Gladwell er blant forfattarane som vert utfordra av funna i studien. Gladwell hevdar at kven som helst kan bli ekspert på noko ved å trene nok. Ein kan med andre ord bli ein vellukka musikar, om ein berre øver nok.
LES OGSÅ: Fjerne slektningar i Himalaya
Den nye studien utfordrar denne teorien, ved å syne at genar spelar ei viktig rolle for i kva grad musikarar øver og dermed vert gode.
– I motsetnad til oppfatninga om at genetiske effektar kan verte motverka gjennom øving, fann vi ut at genene vert viktigare i forklaringa av ulikskapar mellom folk etter kvart som dei øver, seier Hambrick.
LES OGSÅ: Difor forsvinn biene