Fjerne slektningar i Himalaya

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fjerne slektningar

I fjellandsbyar nordvest i Pakistan, i aust-Afghanistan eller i det indiske Himalaya, bur der menneske som liknar på nord-europearar. Ikkje berre det blonde håret og dei blå augo er like, men også i språket og kulturen finst der likskapar, skriv doktorgradsstipendiat Lars Reinholt Aas på Aftenposten Viten.

Kvifor? Svaret ligg i lingvistikken og opphavet til dei indoeuropiske språka.

LES OGSÅ: Kjære diktator!

Ifølgje Reinholt Aas deler skandinavarar og dei dardisk-talande menneska i Vest-Himalaya forfedre. Likskapar mellom dei indoeuropeiske språka tyder på at det eksisterte ei felles kjelde, eit språk som i dag vert kalla «proto-indoeuropeisk». Dersom dette stemmer, må det også ha vore menneske som snakka dette hypotetiske språket.

Sjølv om heimlandet til denne antekne folkegruppa er ukjent, reknar ein med at dei høyrde heime på dei Pontiske steppene i sørlege Russland. Då menneske frå gruppa vandra vestover og inn i Europa for kring 7000-5000 år sidan, vandra samstundes andre menneske frå den same indoeuropeiske folkegruppa mot søraust. Størsteparten fortsatte nedover det indiske subkontinentet, men nokre hoppa av migrasjonen og slo røter i elvedalane i Vest-Himalaya.

Menneska her stammar altså frå nokre av dei aller tidlegaste migrasjonsbølgene, og har grunna dei høge fjella og det ugjestmilde klimaet levd isolert heilt fram til moderne tid, ifølgje Aftenposten Viten.

LES OGSÅ: «Persona non grata i Vest-Sahara»

Og framleis eksisterer det språklege likskapar mellom Skandinavia og Himalaya. Til dømes stammar sannsynlegvis både det nordiske ordet «mige» (late vatnet) og det dardiske ordet «mingens» (urinerande sky) frå det norrøne «mìga».

I tillegg finst der likskapar mellom den norrøne og den dardiske kulturen. Der finst norrøne mytar og dardiske historier som er mistenkeleg like, og tradisjonelle europeiske skikkar og dardiske tradisjonar med oppsiktsvekkjande likskapar. Eit døme er juletreet, som er sentral i norske julefeiringar, og einebærtreet, som har heilag status i Vest-Himalaya.

Trass i den enorme tidskilnaden, har altså segner, tradisjonar og skikkar fulgt migrasjonen mot både aust og vest, saman med det indoeuropeiske språket, skriv Aftenposten Viten.

LES OGSÅ: Bygde-ungdom er mindre påverka av foreldra