Fryktar for framtida til bygdene

Norges Bygdeungdomslag er kritisk til Sundvolden-plattforma, som den nye regjeringa skal basere arbeidet sitt på.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fryktar framtida til bygdene

– Dette er mørkeblå politikk som bestilt, og endringane vi vart lovde i valkampen er så absolutt der. Dessverre kan ikkje desse endringane seiast å vere til det betre for Bygde-Noreg og norsk matproduksjon, og både forbrukarar, arbeidarar og produsentar vil bli ramma av dei tiltaka som er foreslått, hevdar leiaren for ungdomsorganisasjonen, Gunn Jorunn Sørum i ei pressemelding.

Sørum får følge av bygdepolitisk nestleiar Ragnhild Duserud i bekymringa over konsekvensane tiltaka i Sundvollen-plattforma kan få:

– Tanken på å oppheve kvotar og konsesjonar skremmer meg. Allereie i dag vert det produsert for mykje svinekjøt her i landet, og eg kan ikkje sjå for meg at dette vil bli betre ved å gi slepp på konsesjonsgrensene, seier Duserud.

QUIZ: Kva veit du om norsk landbruk?

Feil signal til nye bønder?
Bygdeungdommane meiner den nye regjeringa må tenkje over kva for signal plattforma sender til framtidige bønder. Reduksjon av tollvernet og oppheving av kvotar og konsesjonar gjer landbruket lite føreseieleg.

– Korleis kan vi vere sikre på at landbruket er ei økonomisk forsvarleg næring å gå inn i, når den nye regjeringa vil ha auka konkurranse og ta frå landbrukssamvirka makta til å regulere marknaden? spør Duserud.

Bygdeungdomslaget fryktar også konsekvensane av å oppheve buplikta og fjerne odelsparagrafen frå grunnlova.

– Viss sal av landbrukseigedommar skal skje utan noka form for regulering vil vi miste kontrollen over om eigedommen faktisk blir brukt til matproduksjon, seier Sørum, som meiner målet med landbrukseigedommar er å produsere mat – ikkje å vere landlege ferieparadis for dei rikaste. (©NPK)

LES SISTE LANDBRUKSNYTT HER!