Første grammatikkbok på kvensk

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det skriv Norges Arktiske Universitet. Det er 300 år sidan kvenane etablerte seg i Noreg, og det er ikkje forferdeleg mange som brukar språket heller. Nokre få tusen i Nord-Troms og Finnmark snakkar språket, som er eit offisielt minoritetsspråk i Noreg.

LES OGSÅ: – Eg kan vera ein kven

«Kainun kielen grammatikki»
Framtida til kvensk har lenge sett dyster ut, og sjølv om mange kjempar for å bevara språket er det på vikande front.

– Det finst ikkje nøyaktig oversikt over kor mange som kan kvensk, og så vidt me veit er det ikkje lenger nokon barn som snakkar kvensk. Språket er i ferd med å døy ut, seier Eira Söderholm.

Ho har akkurat gjort sitt for å redda språket. Ho har forfatta den første gramatikkboka for kvensk, på kvensk – «Kainun kielen grammatikki». Söderholm er kvensk språklærar og førsteamanuensis ved Institutt for språkvitskap ved UiT.

LES OGSÅ: Ber regjeringa om hjelp

Draumen om nivå III
Eit mål for dei som kjempar for å bevara det kvenske språket, er å få heva språket til nivå III i Det europeiske språkcharteret. I dag er kvensk på nivå II, og ei oppgradering vil gjera myndigheitene pliktige til å ta vare på språket i mykje større grad.

– Om kvensk språk blir heva til nivå tre får me moglegheita til å gi nytt liv til språket. Det vil nok vera avgjerande for om me har eit kvensk språk i det heile om 50 år, sa Noora Maria Ollila, leiar i Kvensk Ungdomsnettverk, til Framtida tidlegare i år.

LES OGSÅ: Oppmodar andre parti til å få samiske og kvenske namn