Oppmodar andre parti til å få samiske og kvenske namn

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Utfordrar på kvensk

Landsstyret til Kristeleg Folkepartis Ungdom (KrFU) vedtok i helga samisk og kvensk namn på ungdomspartiet.

– Dette gjer me for å visa at me tar språkmangfaldet i Noreg på alvor, seier Emil André Erstad til Framtida.no. Han er leiar i Kristilisen Kansanparttiin Nuoriso (KrFU på kvensk) og Risttalaš Álbmotbellodaga Nuorat (KrFU på nordsamisk).

– Eg håpar dette kan vera med på å gjera partiet og politikken vår meir tilgjengeleg for dei språklege minoritetane me har i Noreg, held han fram.

Og det kan gjerne koma godt med, for til helga reiser ein delegasjon frå KrFU til Alta og Vadsø med mål om å starta opp att eit fylkeslag i Finnmark.

QUIZ: Kva veit du om samar og samisk kultur?

Håpar andre følgjer opp
Senterungdommen vedtok å få namn på samisk i fjor. Natur og Ungdom hadde då for lengst fått eige samisk namn. Og Grøn Ungdom har lenge hatt samisk namn. I fjor gjorde dei ei lita retting på namnet.

– Eg håpar andre ungdomsparti følgjer opp. Eg meiner det er ein god måte å visa at ein tar språkmangfaldet på alvor, seier Emil André Erstad til Framtida.no.

Studentmållaget i Bergen fekk tidlegare i år eige namn på kvensk og samisk, har tatt til orde for at òg Norsk Målungdom skal få eige namn på samisk og kvensk. Unge Venstre skriv på Twitter at dei forhåpentlegvis har kvensk og samisk namn på plass til neste landsmøte.

Helge Aslaksen Ravna, leiar av den samiske ungdomsorganisasjonen Noereh, seier til Framtida.no at det er kjempebra at KrFU òg har fått samisk namn. Han oppmodar òg andre ungdomsparti og ungdomsorganisasjonar til å følgja etter.

– Om dei ikkje får namn på alle dei samiske språka, så er det bra om dei i alle fall får namn på eitt av dei, seier han.