Flyktningar: – Snakk med oss

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Debatten vart arrangert av ungdom frå Kvinnherad vidaregåande, prosjektet «Me snakkast» og biblioteket.

Liknande debattar er gjennomførde og skal gjennomførast også i nabokommunane.

LES OGSÅ: Nordmenn redde for å bli smitta av flyktningar

Breitt panel
Prosjektleiar Svein Olav Langåker var imponert over både debattleiarane og alle ungdommane som våga å ta ordet og spørja under vegs.

I panelet sat Trym Vårdal, leiar i AUF, Vigdis Gammelsæter frå Røde Kors, Zumilana Eldi, flyktning og kvinnhering, Linda Lillesletten, flyktningkoordinator, Kai Morten Torget, leiar i Kvinnherad Frp og Elisabeth Croles frå Vaksenopplæringa.

Det heile vart leia av Brede Grønningen, med hjelp av Sara Guddal.

LES OGSÅ: Noreg på fjerde best på integrering

Frp-ar reagerer på rasisme
Frp-politikaren Kai Morten Torget meinte at ein i Norge i dag er komen til eit punkt der det er for mykje rasisme i debattane, særleg på nett.

Han peika på at det er svært viktig å ta vel imot våre nye landsmenn.

Sistemann ut som innleia, Elisabeth Croles fortalde om introduksjonsprogrammet alle som kjem til landet må gjennom, og sa ho var svært glad for å delta i ein debatt som ungdommen har teke initiativ til.

Hjelpe heime eller borte?
Ikkje uventa vart det ein liten debatt om kvar ein skal hjelpa dei som er på flukt, i nærområdet sitt eller å ta imot fleire her i Norge.

Kai Morten Torget meinte det var viktig å ta imot her i Norge, men at ein burde gjort meir for å hjelpa i nærområdet.

Trym Vårdal (AUF) på si side snakka om kor viktig det var å ta imot flyktningar i Norge.

I denne saka påpeika Vigdis Gammelsæter (Røde Kors) at dette ikkje er ein motsetnad, ein må hjelpa både i nærområdet og her i landet.

LES OGSÅ: Røde Kors: Slik kan du bidra til integrering!

Praktisk integrering
Elev Vilde Fiskerstrand hadde mange spørsmål til debattantane, og lurte mellom anna på kva ein kan gjera for å hjelpa med å integrera anna enn å seia «hei» og melda folk på i Facebook-grupper.

Her hadde panelet fleire meiningar, Vigdis Gammelsæter viste til Røde Kors sitt nye integreringsprosjekt, og ho oppmoda flest mogleg av ungdommane til å stilla opp der og delta.

Førsteklassing ved KVV, Jarand Naterstad spurde kor mange flyktningar Kvinnherad burde ta imot, men dette ville ingen gje direkte svar på.

LES OGSÅ: «God integrering er å akseptera mangfald»

Vanskelegare for jentene
Undervegs vart det også diskutert kva ein kan gjera for å engasjera fleire ungdommar.

Flyktningkoordinator Lillesletten sa her at det gjekk veldig bra for mange unge fotballgutar, som på den måten fann seg vener.

Verre er det særleg for jenter i alderen 14–18 år, som slit med å finna seg til rette.

Dette fekk ungdommen Erlend Fredheim til å spørja om kva ein kan gjera med dette, for eksempel med at ein del jenter går i andre klede enn norske jenter.

LES OGSÅ: Integrering via fotballen

Jentegrupper
Zumilana Eldi i panelet svara at det går an å invitera jenter med på å gå tur, og samstundes at det kan leggjast til rett for eksempel for reine jentegrupper, for eksempel i symjehallen.

Linda Lillesletten var her klar på at det er viktig både med reine jentegrupper, men at ein og må gjera ting i lag i fellesskap.

– Det finst no så mange ulike typar klesdrakter, og det går an å spela fotball eller volleyball i alle typar klede, peika Kai Morten Torget på.

– Vi må visa respekt uansett korleis ein går kledd, det er det viktigaste, sa Torget.

Debatten varte i om lag ein halv annan time og vart trygt og stødig leia av Brede Grønningen.

LES OGSÅ: Ramin (19) er nyheitsopplesar på dari

Snakk med oss
Etter debatten prata Kvinnheringen med Abraham (30) frå Eritrea og Solomon (32) frå same land.

Abraham har vore i Norge i halvtanna år, og var det første året i mottak i Årdal, før han flytta til Husnes.

No har han språkpraksis ved Coop Prix i Rosendal.

Solomon har enno mindre fartstid i landet med rett over eitt år.

Dei tykte det var ein interessant debatt, sjølv om det ikkje var alt dei forstod.

Det å koma inn i det norske samfunnet tykkjer dei ikkje er så veldig lett.

– Nokre seier hei til oss, andre nikkar og andre ser vekk, seier han.

Folk flyttar seg
Det han tykkjer er mest rart i Kvinnherad er at av og til når han tek bussen og vil setja seg ned med folk, så flyttar dei og set seg vekk.

– Men kva skal vi kvinnheringar gjera, spør vi?

– Snakk med oss, slå av ein prat. Då blir vi utruleg glade. Vi prøver å læra oss norsk, og veit det er det aller viktigaste for oss i framtida, men vi lærar det ikkje utan at nokon pratar med oss, seier dei to nyinnflytta eritrearane.

 Les heile saka hjå Kvinnheringen.