Fløgstad tronar på ord-toppen

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tronar på ord-toppen

– Det er mykje vekt på 100- og 200-årsjubileum for norske forfattarar. Men Nasjonalbiblioteket set stor pris på å feira levande forfattarar også, sa konstituert nasjonalbibliotekar Roger Jøsevold då han ynskte velkommen til Kjartan Fløgstad-seminar i høve forfattaren sitt jubileum onsdag.

Det er framleis tre veker til Fløgstad fyller 70 år den 7. juni, men Nasjonalbiblioteket tjuvstarta feiringa med seminaret «Ut i verda – Kjartan Fløgstad 70 år». I tillegg har dei laga ei plakatutstilling med tre plakatar om Fløgstad og forfattarskapen hans som dei tilbyr norske bibliotek.

Digital ordjakt på rikt språk
To av forskingsbibliotekarane ved Nasjonalbiblioteket, Lars Johnsen og Trond Haugen, har nytta digitale hjelpemiddel for å undersøkja språket til Fløgstad på ein ny måte. Heile forfattarskapen hans er digitalisert, og ved hjelp av datamaskinar og statistikk har dei kome fram til at Fløgstad har eitt av dei rikaste ordforråda i norsk litteratur.

– Me jamførte språket til Fløgstad med Dag Solstad og Knut Hamsun. Det viste seg at Solstad hadde 78.000 ulike ord i forfattarskapen sin. Hamsun hadde litt meir med 92.000, men aller øvst tronar Kjartan Fløgstad, med 112.000 enkeltord – det er svimlande, fortalde Trond Haugen til stor applaus frå salen.

– Det er neppe tilfeldig at det er hjå ein nynorskforfattar at ein finn det rikaste språket. Det bør vera eit viktig argument i språkdebatten. Kjartan Fløgstad er nynorsk, sa Haugen vidare.

Han kunne òg avsløra at Dag Solstad hadde litt lengre og meir kompliserte setningar enn Fløgstad.

– Det stadfestar kanskje myten om at bokmålsfolk skriv langt og komplisert for å gjera seg lekre, medan nynorskfolk bruker enkle setningar i nærmiljøet, sa Haugen til god lått frå salen.

Den ultimate fløgstadske setninga
Haugen og Johnsen brukte òg datateknologien for å analysera seg fram til kva som kunne vera den ultimate fløgstadske setninga, den eine setninga som definerer posisjonen hans i det norske skriftspråket.

Dei analyserte setningslengd og kommabruk i tillegg til ordforrådet, og kom fram til setninga «Pål Seland var og er ulukkeleg.» Pål Seland er filantropen og antikvitetshandlaren som er sentral i «Kron og mynt. Eit veddemål» (1998).

Forfattaren sjølv syntest det var eit artig eksperiment, men forklarte til Nynorsk pressekontor etterpå at han ikkje var heilt samd i setningsvalet.

– Eg ville nok valt ei anna setning sjølv, nemleg den første setninga i «Dalen Portland» (1977): «Ho plantar hælane i støypen og står», sa Kjartan Fløgstad.

LES OGSÅ: Fløgstad: – Me treng ei sterk arbeidarklasse

Togtur med Solstad
Forfattarkollega Dag Solstad kom direkte til Nasjonalbiblioteket frå Trondheim. Solstad, som feira tilsvarande jubileum for tre år sidan, er for tida ute på ein forsvarsturné for sin eigen forfattarskap.

– Eg minnest då me to køyrde tog saman frå Rouen til Paris, og snakka om ei bestemt bok, «Utenfor sirklene» av Colin Wilson. Ho var som ein bibel for meg på byrjinga av 1960-talet, men eg hadde aldri møtt nokon andre som hadde lese ho. Men så møtte eg Kjartan Fløgstad, fortalde Solstad.

– Eg veit ikkje kva det betyr, eller om det seier noko veldig positivt om oss. Men vakkert var det då, gratulerer med dagen! (©NPK)