Fekk opphald og snart får dei hus

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka er først publisert hjå Hallingdølen.

Dei kom som båtflyktningar frå Syria alt i 2009, Abdelmasih Ibrahim, kona Leyla Kafo og borna Ashur og Ashurina på ni og elleve år.

Familien var av dei første som flytta inn på Hemsedal statlege mottak, som var nyetablert den gongen. Etter fleire avslag og klagerundar fekk dei lovleg opphald i desember 2014. Dei har også «fått kommune», og i juni startar dei eit nytt liv i Kongsberg.

– Eg ser på det som å starte på nytt, seier Ibrahim.

Har budd trongt i seks år
Han sit i stova. Rommet er på to gonger to meter og går saumlaust over i eit improvisert kjøkken under trappa. Oppe er det ein hems og eit lite soverom som gir Ashur, som no er 15 og Ashurina (19) ein illusjon av privatliv.

Foreldra sitt soverom er ei forlenging av stova i ein annan retning. Det er eige bad, men matlaging må i hovudsak skje på felleskjøkenet. Der hjelper Ashur mor si med å fritere falafel basert på kikerter.

Slik har dei levd i vel seks år. Tett oppå kvarandre, utan pause frå mottakslivet. Ferie og fritid finst ikkje. Dei har bokstavleg tala site oppå kvarandre.

– Hadde me ikkje hatt støtte frå dei som har støtta oss, veit eg ikkje korleis det skulle gått. Eg er takksam, både for psykisk og økonomisk støtte. Dei har vore vår oksygen, seier Ibrahim.

Avgjerande støtte

For eit par år sidan fekk Hallingdølen vere med på kaffibesøk då nokre av desse venene, Henrik og Synnøve Thorset, også var der. Dei er blant støttespelarane.

Mottakslivet er slik at den økonomiske støtta blir redusert når ein får avslag. Det gjekk eitt år og tre månader før familien fekk sitt første avslag. Det gjekk nye eitt år og fire månader til neste avslag. Sidan har dei fire levd på 3400 kroner kvar fjortande dag. Med andre ord 6800 kroner i månaden.

– Det gir ikkje rom for noko utanom mat. Alt me har er brukte klede.

Tidstjuv: "Jeg fikk en dårlig start, men jeg jobber meg oppover" står det tilfeldigvis på TV-skjermen i gangen/kjøkenet/stova/soverommet til Abdelmasih Ibrahim når Hallingdølen er på besøk. – For meg er det kanskje for seint, men eg får kanskje spele siste fem minutt av andre omgang, seier han.

– Har ikkje «levd» i Norge enno
Det er ikkje det verste. Ibrahim har «levd» seks av sine mest produktive år i rommet han sit i. Ungane har hatt mange av dei viktigaste oppvekståra sine her. Då klassekameratane skulle på utanlandstur, skorta det både på pengar og gyldige papir. Dei har levd på sida av det norske samfunnet, samtidig som dei har levd midt oppi det.

– Eg har enno ikkje prøvd å leve i Norge. Det er det me skal gjere no.

Kongsberg neste
Ibrahim og familien har sjølv ønska seg til Kongsberg. Ashur avsluttar 10. klasse denne våren og håpar på å få skuleplass innan elektrofag. Ashurina er kokkelærling og vil ta resten av læretida der. Leyla har arbeidd som assistent i skule. No er både ho og Ibrahim på skulebenken sjølv – for å styrkje seg i norsk. Sjølv har han bakgrunn innan sveisarfaget. Industrimiljøet i Kongsberg kan opne for ei betre framtid for familien.

– Eg har arbeidd frå eg var 9 til me flykta som 42-åring. Det viktigaste er at ungane har ei framtid, seier han.

– Kva veit du om Kongsberg?

– Nesten ingenting. Her har me levd i eit slags koma. Det har tatt på kroppen, både fysisk og psykisk å leve med venting kvar time, kvar dag, i mange år.

– Båt er ein symbolhandling
Ibrahim seier han er sliten og at han har fått lett for å gløyme ting.

– Men me som har fått opphald skal klare oss. Eg er glad for meg og mine, men eg tenkjer på dei som må leve slik vidare. Det er folk her som har budd på mottak i 14 år, seier han og tek ei pause. Leitar etter ord.

– Livet her er som ein bil, som stoppar i ei myr. Hjula sveivar rundt, men ingenting verkar.

– Er du bitter?

– Nei. Det er ikkje politikarar og samfunn det er noko gale med. Det er systemet som ikkje er menneskeleg. Det er kanskje litt seint for meg. Eg har mista den personen eg var. Men du veit, kanskje det blir som med fotball? Eg får kanskje spele siste fem minutt av andre omgang.

– Kva meiner du om dagens flyktningsituasjon?

– Eg ser at Norge sender ein båt, men ein diskuterer ikkje det som er viktig. Eg tenkjer at dei som kjem i land framleis har ein tøff kamp framom seg.

Faktaboks

I slutten av april gjekk det ut hastebrev frå regjeringa til alle landets kommunar. Der ber integreringsminister Solveig Horne (Frp) kommunane om å ta imot fleire flyktningar enn det ein del alt har gjort.

I år ser det ut til å vere behov for å busetje nær 17.000 personar. Det er inkludert 5000 kvoteflyktningar frå Syria. På grunn av den humanitære krisa der går desse forbi ventekøen med alle dei som alt sit på norske mottak og ventar svar på sine asylsøknader.

På grunn av krisa vil departementet ha svar innan 27. mai. Det ser det ikkje ut som mange i vårt distrikt klarar.

Les meir i Hallingdølen!