Usikkert sjekketriks

Marit Lajord
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 Det er mjølkespann på veggen, høge toppar på alle kantar og dølahestar. Det kan vera nasjonalromantikk, men for Karin Gjerde er det kvardag. Ho har odel på ein gard i Jostedalen. Den tek ho over med sterk interesse,  og overser alle eventuelle fordommar.  
 

Betre enn gutane

– Om nokon har fordommar mot at eg som jente tek over garden, vel eg å oversjå det glatt. Då visar eg dei heller med å gjere ting betre enn gutane, om det er å vera i vedaskogen eller om det er å køyre traktor, smiler Karin.

Som singel bonde på 30 år, er det vanlegaste spørsmålet Karin får, om ho har tenkt å melde seg på ”Jakten på kjærligheten” snart. Men det har ho ingen planar om.  

– Eg veit ikkje kor bra odelsretten er som sjekketriks. Vedkommande må jo flytte hit, så kanskje bør ein vente med å fortelje det til 2. eller 3. date…
 

Skikøyring i kvardagen

Karin er i gong med tilværet som bonde. Sjølv om garden ikkje er overdregen enno, så er ho på plass i Jostedalen, jobbar med dyr og leikar med store kjøretøy.

– Hadde timebetalinga vore litt betre, så hadde livet som bonde vore perfekt, seier ho.

 På Vestlandet er fjellsidene bratte og gardane små. Som mange andre stader i landet, lyt ein ha inntekt utanom. Karin jobbar på hotellet åt familien.

– Eg likar så godt at eg er min eigen arbeidsgjevar. Eg kan gå i fjøset, stå på ski midt i veka og nytte finversdagane. Ein er jo bunden til å mjølke morgon og kveld, uansett. Elles styrer eg sjølv, seier Karin.  


Framtidstru

– Eg trur landbruket har ei framtid. Alle treng jo mat. Vi må satse på kortreist mat og utvikle best mogelege produkt. Folk må ha lyst til å betale for produkta, forklarer Karin.

 Sjølv om ho meiner tilværet i Bergen, der ho studerte, var fantastisk –  med kaffibarar og universitetsdagar, er garden i Jostedalen det naturlege livsvalet.

– Eg er heldig som tek hover ein veldriven gard. Det er flott å kunne starte livet som bonde, utan å gjere voldsame investeringar og ta opp store lån, forklarer ho.
Hopp i det!

– Vi har jamt fokus på rekruttering til landbruket, og er opptekne av at foreldregenerasjonen ikkje skal favorisere gutane. Og vi trur fordommane mot jenter i landbruket i stor grad er viska ut. Likevel er fleire gutar enn jenter heiltidsbønder, noko som kanskje kjem av at det vert meir og meir maskineri, og gutane ofte er teknisk interesserte, fortel informasjonsrådgjevar i Norges Bondelag, Guro Bjørnstad.

Ho råder alle framtidige bønder til å skaffe seg kompetanse og nettverk. Til dømes arrangerar Bondelaget kurs for unge bønder, rundt om i landet.

Karin Gjerde oppmodar all ungdom som har høve til det, om å prøve livet i landbruket.

– Har du mogelegheit, så er det berre å hoppe i det! Ein veit ikkje kor flott det er å vera bonde før ein har prøvd det. Så er det lurt å mase på foreldra sine til å investere og ikkje overdra garden alt for seint, avsluttar den nøgde bonden.