– Får drahjelp av Snowden-saka

Personvern- og it-politikk blir stadig viktigare for stadig fleire.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er latterleg bra, seier Vegard Solheim om resultatet på 4,3 prosent av stemmene i skulevalet. 2. kandidaten for Piratpartiet i Sogn og Fjordane er den einaste som har vore folkevald for partiet, som kommunestyrerepresentant i Naustdal. Om 4,3 prosent hadde vore resultatet i stortingsvalet, hadde Piratpartiet fått åtte mandat.

LES OGSÅ: – Noreg treng Piratpartiet på Stortinget

Avsløringane til varslaren Edward Snowden om overvakingsprogrammet PRISM, i tillegg til Høgre og Arbeidarpartiet si støtte til datalagringsdirektivet har vore til god hjelp for Piratpartiet, ifølgje Solheim.

– Me kunne ikkje fått betre hjelp, seier han, og legg til at også den nye åndsverkslova, som opnar for overvaking, har gjort at fleire synest nettpolitikk er viktigare.

– Har it-politikk og personvernspørsmål blitt viktigare for folk?

– Eg trur det har blitt viktigare for ein del. Eg håpar at fleire vil sjå at det er viktig for folk, seier han.

Håpar på omkamp på DLD
– At det er blitt viktigare, er det ingen tvil om. No er det blitt fleire som er opptatt av dette, og eg opplever at me held fana høgast i Stortinget om dette, seier Sveinung Rotevatn, leiar i Unge Venstre og førstekandidat for Venstre i Sogn og Fjordane.

– Eg har lese programmet til Piratpartiet, og det er ikkje eit einaste punkt som dei har, som ikkje me også har. Forskjellen er at veljarane også får ein ambisiøs miljø- og verdiskapingspolitikk, seier Rotevatn og viser til at partiet får best karakter både når NHO og miljøorganisasjonar går gjennom programmet deira.

Unge Venstre-leiaren har tidlegare tatt til orde for at Noreg bør opne for å gi Edward Snowden asyl, og trur at saka kan ha hjelpt litt til med auka merksemd om personvern og it-politikk.

– Dessverre er det ingen av dei store partia som vil snakka om saka, og då blir det ingen diskusjon. Kontrasten til valkampen i Tyskland er slåande, der må Angela Merkel svara på spørsmål om personvern når ho møter opposisjonen.

Sjølv om datalagringsdirektivet er vedtatt av Stortinget, er det enno ikkje innført. Unge Venstre-leiaren håpar det skal vera mogleg å snu på vedtaket etter stortingsvalet.

LES OGSÅ: Storebror ser deg

– Endra veljarmasse
Bente Kalsnes er forskar ved Institutt for medium og kommunikasjon ved Universitetet i Oslo. Ho påpeikar at veljarmassen endrar seg.

– Dei unge har hatt internett heilt frå dei er små, og forheld seg til desse kanalane på ein annan måte. Det ser ein mellom anna gjennom at medievanane er i ei valdsam endring. Tilgangen til internett er viktigare for dei yngre enn dei eldre, seier Bente Kalsnes. Ho tek doktorgraden sin om bruk av sosiale medium til å setja dagsorden i politikken, og har lenge skrive om teknologi og politikk.

Kalsnes viser til at Piratpartiet gjer det dårlegare i Noreg enn til dømes Sverige og Tyskland.

LES SAKA: Piratpartia har stor suksess

– Samanlikna med piratpartia i andre land, har det norske Piratpartiet vore mindre synleg. Det har heller vore andre parti, som Venstre og SV som har markert seg på fleire av it-sakene.

Ho trur også at Snowden-saka har vore med på å setja søkjelys på personvern og it-politikk, noko som kan ha vore til hjelp for Piratpartiet.

– Det er ei ganske vanskeleg sak å setja på dagsorden, samanlikna med helse og skule.

Kalsnes trur det kan vera eit strategisk val blant fleire av partia å ikkje snakka så mykje om it-politikk, fordi dei ser at dette enno er for dei meir spesielt interesserte.

– Går veldig seint
Bente Kalsnes har lenge vore opptatt av at staten blir flinkare å gjera alle offentlege data tilgjengeleg for andre, slik at dei kan brukast i tenester på nett.

– Det har gradvis betra seg, men går framleis veldig seint. Noko av det viktigaste, tilgjengeleggjering av kartdata, er det framleis ein prosess på. Slik eg har skjøna er det no eit budsjettspørsmål, seier ho.

Det er heller ikkje noko endring i synet på datalagringsdirektivet. No ligg det an til innføring frå 2015.

Når det gjeld digitalisering av den offentlege forvaltninga, meiner ho også det går sakte, trass i at regjeringa har bestemt at stat og kommune som hovudregel skal slutta å senda brev på papir frå 2014.

– Det er store utfordringar i helse og politi. Det er her me har høyrt mest om at ein ligg lengst etter og at ein skulle ønskt seg betre og kjappare løysingar, seier Bente Kalsnes.

LES OGSÅ: Anonym nettsurfing kan bli forbode

Høgare på agendaen
IKT-Norge har kartlagt partiprogramma og publiserte i august ei vurdering av partia sin ikt-politikk.

– IKT har gått frå å vera politikarnerdane sitt tema til å vera aktuelt for helse-, skule-, nærings- og tryggleikspolitikk. Me ser at partia no har fokus på digitalisering for å gjera det mogleg med effektivisering og innovasjon, seier Heidi Austlid i IKT-Norge i ei pressemelding.

Venstre og SV tronar på toppen, medan Senterpartiet får dårlegast karakter. I midten finn vi Arbeidarpartiet, Frp, Høgre og KrF – som gjer det relativt likt. Spørsmål som personvern er ikkje med i undersøkinga.
– Uavhengig av regjeringskonstellasjon etter stortingsvalet vil me sjå ein endå meir offensiv digitaliseringspolitikk for offentleg sektor, helse, utdanning, politi og andre område, seier Austlid.

Tidlegare kartleggingar viser at innsparingspotensialet i offentleg sektor er i milliardklassen ved bruk av IKT.

– Digitalisering kan frigi betydelege ressursar som kan realisere partia sine valløfte – anten det dreier seg om meir velferd eller skattelette, seier Austlid.

Faktaboks

Datalagringsdirektivet, av og til forkorta DLD, omhandlar lagring av trafikkdata. Opplysningane skal kunne nyttast til å kjempa mot kriminalitet og terrorisme. Direktivet er kritisert for å vera eit urimeleg inngrep i privatlivet.
Direktivet pålegg lagring av trafikkdata for e-post, ulike typar telefoni og internett-tilgang. Identitetar og tidspunkt for kommunikasjonen, og dessutan lokaliseringsdata for mobil kommunikasjon skal lagrast.
Minstetida for lagring er seks månader, maksimal lagringstid er to år.