Etterlyser hjelp for søsken etter 22. juli
Fleire søsken til dei som blei råka av terrorhandlingane på Utøya i fjor sommar treng meir hjelp enn dei får i dag, blir det hevda.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Hjelp for søsken etter 22/7
– Eg får tilbakemelding om at fleire søsken til dei som blei ramma, slit etter Utøya-massakren og treng hjelp, seier Tove Selbekk, leiar for støtteforeininga etter 22. juli i Sør-Trøndelag til NRK.
Ho seier dette har blitt tydelegare etter kvart. Fram til mars i år var ho nestleiar i støtteforeininga nasjonalt og har inntrykk av at tendensen er den same i resten av landet.
Les òg: – Snakk med kvarandre
Selbekk får støtte av Atle Dyregrov, leiar for senter for krisepsykologi i Bergen. Han seier at ungdom kan skyva unna sterke kjensler for å verna seg sjølv, men at desse kjenslene kan koma tilbake når det har gått ei stund.
– Både etterlatne søsken, og søsken til overlevande, kan slita så mykje at dei bør få hjelp. Det gjeld spesielt dei som ein ser ikkje fungerer i kvardagen. Dei som trekkjer seg unna venner, eller ikkje fungerer like godt på skulen og i fritida, seier Atle Dyregrov.
Knut Hermstad, som koordinerer oppfølginga av dei ramma etter 22. juli i Sør-Trøndelag, seier søsken kan få betre hjelp, men at det kan ta litt tid å gje alle den hjelpa dei treng. (©NPK)
Les òg: – Eksamensreglane er fleksible