Er du ish på tida?

Den engelske endinga ish er eit ganske nytt element i norsk. Ho tyder ikkje berre ‘sånn cirka’, men har fått ein utvida bruk i talemålet – til og med som eit eige ord.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Teksta var først publisert på nettsidene til Språkrådet.

I masteroppgåva mi undersøkte eg bruken av det vesle nyordet ish på nettsider og i nokre trykte kjelder, sidan det er vanskeleg å finne autentisk bruk når ein intervjuar folk. Det viste seg at ish hadde eit breiare bruksområde og fleire tydingar enn ein skulle tru.

Klokka åtte-ish
Suffikset ish er mest knytt til eit tal eller klokkeslett i norsk: «Det er det beste med å være 30-ish.» Suffiks er einingar ein legg til i slutten av eit ord for å lage eit nytt ord, slik leg gjer hus tilhusleg.

Suffikset ish har vore brukt i skrift i om lag 20 år, og i tale truleg lenger. Undersøkingane mine viser at uttrykket òg festar seg til andre typar av ord og frasar, og at det jamvel blir brukt som eit eige ord.

LES OGSÅ: Slik har engelsk «lånt» seg til språktoppen

Engelsk ish
I utgangspunktet blei engelsk ish lagt til namn på nasjonalitetar og etnisitetar for å lage adjektiv, dane – Danish. Vidare blei det lagt til levande substantiv, fool  foolish, og seinare til døde substantiv, book – bookish, og til sist til adjektiv, blue – blueish.

I dag blir ish brukt breitt for å lage nye adjektiv av ulike typar substantiv, adjektiv og frasar. Det kanskje vanlegaste er å lage adjektiv av personnamn, ved at ein brukar namnet til ein person for å skildre ein annan eller noko anna. I tillegg blir det brukt ved klokkeslett og tal og som eige ord og del av samansette ord, som ish time.

Norsk ish
I norsk har vi stort sett importert den engelske bruken. Vi legg òg gjerne ish til substantiv for å lage adjektiv: «Det er en støvel-ish sko i størrelse 20–21.» Eller vi legg ish til adjektiv for å lage nye adjektiv: «Marokkansk-ish gryte i trykkoker».

Vi brukar også personnamn for å lage adjektiv som skal samanlikne med ein kjendis, ein felles kjenning, ein stad eller ei hending: «Twin Peaks-ish mystikk», «Videoen blir litt Tarantino-ish».

Som i engelsk legg vi ish til heile frasar eller setningar, ish opptrer gjerne som eit eige ord, og vi kan bruke ish som føreledd i samansette ord: «Skappelgenseren – å ja vi strikker også … ish», «Jeg er veldig ‘ish’ på tiden».

LES OGSÅ: «Vape» er årets engelske nyord

Ny bruk i norsk
I norsk finst det døme på at ein legg ish til eit substantiv som held fram med å vere substantiv, til forskjell frå i engelsk: «’Hanne-tid-ish’ kaller jeg det.»

Den substantiviske bruken må skrivast om på ein annan måte enn den adjektiviske og adverbiale bruken. Til dømes kan ein erstatte ish med på en måte eller ein/ei/eit slags, altså med omskriving og ikkje med eit tilsvarande etablert norsk suffiks.

Det er ikkje uvanleg at lånte ord og uttrykksmåtar blir brukt på andre måtar enn i språket vi lånte dei frå, slik tilfellet er med ish. Til dømes seier ein føkkings og føkk heller som variantar av det engelske ordet fuck. Ein lagar seg måtar å snakke på som kan verke engelsk, men som ikkje er det – det ein kan kalle for pseudoengelsk («liksomengelsk»).

Omskriving
Vi har òg andre uttrykksmåtar som kan erstatte bruken av ish. Der ish er brukt til klokkeslett, datoar og tal, kan ein enkelt erstatte dei med om lagrundt eller cirka, til dømes «Det kostar om lag 50 kroner» i staden for «Det kostar 50-ish kroner».

Der ein lagar nye adjektiv ved å leggje til ish, kan ein heller bruke kjende suffiks som 
aktig og –liknande. Ein kan like gjerne skrive «støvelliknande sko» framfor «støvel-ish sko».Ish som er lagt til eit adjektiv, kan òg bli erstatta av på ein måte.

Vi kan seie at alle dei ulike bruksmåtane av ish tyder noko som minner om det det er lagt til og skal modifisere.

LES OGSÅ: Kvifor snakkar skandinavar baklengs?

Nødvendig nydanning?
I arbeidet mitt har eg kome over fleire folk som lurer på kva ish eigentleg tyder, og korleis det blir brukt. Andre kommenterer irritert at det er ei forsøpling av det norske språket.

I nokre av døma eg fann, var det vanskeleg å skulle skrive om utan at ytringa fekk eit anna innhald, som «Historien er OK-ish». Her blir det feil med -aktig, –liknandepå ein måte ogliksom. Så det kan vere at vi har bruk for ish i norsk, sjølv om nytteverdien for nett dennenydanninga er marginal.

Ish er ei lita eining som er enkel og rask å leggje til for å ta eit atterhald om det ein har sagt eller skrive. Det er ganske spesielt at eitt suffiks kan leggjast til så mange ulike ordklassar og setningsfunksjonar. Vi kan sånn sett seie at nyvinninga er med på effektivisere språket.

I hovudsak er bruken av ish avgrensa til uformelle tekstar på nettet, og det har til dømes ikkje kome inn i seriøse nyheitssaker. Men eg har fått rapport om at det har vore brukt i NRK si 17. mai-sending frå Slottsplassen og i ei sportssending i same kanal.

Eg vågar ikkje å spå noko om framtida, men eg vil gjerne dra ein parallell til omtalte –aktig, som no er godt etablert i norsk, men som i si tid blei lånt inn frå tysk.