Eit «nytt» nynorskfylke er på plass

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

«Nytt» nynorskfylke

Eit samrøystes hovudutval for kultur i Telemark fylkeskommune har vedteke at Telemark fylkeskommune skal bli medstiftar i Nynorsk kultursentrum. Tidlegare i år gjorde Vinje kommune same vedtaket, melder Nynorsk kultursentrum i ei pressemelding.

– Dette gir oss eit robust lokalt og tverrpolitisk grunnlag for arbeidet med å realisere ideen om Vinje-senteret, seier rådsordførar Mona H. Hellesnes i Nynorsk kultursentrum.

Det var Vinje kommune som for nokre år sidan tok initiativet til å etablere Vinje-senteret som eit dokumentasjons- og formidlingssenter i Vinje for dikting, journalistikk og språkleg mangfald.

I vår vedtok kommunen og Nynorsk kultursentrum ein omfattande intensjonsavtale som var grunnlaget for at Telemark fylkeskommune blei invitert inn i stiftinga.

– Telemark ønskjer å vere observatør i prosjektgruppa for Vinje-senteret og følgje arbeidet vårt tett. Det blir fint for oss å ha med ein aktiv fylkeskommune, seier direktør Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum.

Saka var først publisert i Møre-Nytt.