Ein av fem gutar gjer som Andreas

Kristine Askvik
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Den fyrste gongen Andreas fyllekøyrte var han berre 16 år. Han var på fest, rundt han hadde alle dei andre sovna. Andreas fann ut at han ville køyre seg ein tur. Han stal en bil og køyrte i veg. Han krasja, sprang frå staden. To timar seinare vart han funnen av politiet. Men dei trudde ikkje det var mogleg at det var han som hadde køyrt bilen.

– Dei leita etter sjåføren. Eg var dritings og klarte ikkje gjere reie for meg. Difor trudde dei heller ikkje at eg hadde klart å styre ein bil, fortel Andreas. 

På lukka avdeling
3-4 kilometer frå Kongsvinger sentrum, ligg Kongsvinger fengsel. Langt oppe i lia, inne i skogen. Norsk sommar på sit beste gjer at t-skjorte og shorts er det einaste behagelege å ha på seg ute. Men ingen av dei som er her, er her for nyte sommaren.

Gjennom det høge gjerdet kan ein sjå bustader som ser ut som vanlege hus, her bur dei som er på den opne avdelinga i Kongsvinger fengsel. Lenger bak er lukka avdeling. Ein høg mur av betong rammar området der mellom anna Mulla Krekar og Andreas soner si straff. Dørar låsast opp og raskt igjen av fengselsvaktene.

LES OGSÅ: – Bilen må ta rattet frå menneska

Stal ti bilar
Åtte år etter at Andreas fyllekøyrte for fyrste gong, sit han i fengsel her for ei rekkje med hendingar som inneber ein kombinasjon av narkotika, alkohol, køyring og steling. Han er teken for å ha stole ti bilar og køyrt åtte gongar i ruspåverka tilstand. Ofte har rusen vore ei blanding av amfetamin, alkohol og pillar.

Siste gong han var teken var i juni i fjor. Då hadde han 1,5 i promille og utløyste ei politijakt. Berre flaks gjorde at ingen vart skadd. Andreas bomma på ein innkøyrsel og hadde svært dårleg kontroll over bilen, det var fleire nære-på møteulukker.

LES OGSÅ: Mest rusmisbruk utanfor storbyane

Ein av fem gutar gjer det
Ein av fem gutar i vidaregåande skule innrømma å ha køyrt i fylla med moped eller bil i ei undersøking i Trøndelag i 2010. Undersøkinga vart gjort av Trøndelag Forsking og Utvikling blant elevar i vidaregåande skuler i Steinkjer. 22 prosent av gutane hadde altså gjort det same som Andreas, 13 prosent av jentene.

– Kvifor har du køyrt når du har vore rusa?

– Når ein rusar seg, mistar ein alle hemningar. Eg har alltid vore ein pøbel, den som drog i gang ting og fekk folk med på ting. Etter kvart har køyringa i rus vorte ein vond uvane.

– Kva tenkjer du om konsekvensane det kan medføre for deg sjølv og andre?

– Ein eg kjenner ein som har vorte dømt for drap etter å ha køyrt ned ein person. I brøkdelen av eit sekund kan ein verte den som tek livet av alle kompisane. Og dette berre for å syne seg fram. Eg ynskjer å slutte å ruse meg, slik kan eg òg byrja å køyre heilt rusfritt.

– Kva tru har du på at du vil klare å slutte å ruse deg?

– Eg seier til familie og vener at eg vil prøve, men at eg ikkje kan love noko. Eg har ingen peiling på korleis det vil kjennast å gå ut den porten der nede i desember, seier Andreas.

LES OGSÅ: Ønskjer meir tryggleik for syklistane

Alkolås innan 2020
EU ynskjer alkolås på kommersielle køyrety som bussar og drosjar innan 2015 og på alle køyrety innan 2020. Eit direktiv på dette skal leggast fram i EU-parlamentet innan 2013.

Frå januar i år innførte Finland krav om alkolås på alle skulebussar og andre kommersielle køyrety som fraktar born. Frankrike innførar det same frå januar 2013.

Ved eit av tre dødsfall i singelulukker i trafikken, er alkohol medverkande årsak. I ulukker totalt i trafikken, er alkohol involvert i eit av fire dødsfall, syner tal frå Folkehelseinstituttet. 

Kan stogge åtte av ti
Bjarne Eikefjord er leiar i Frihet for trafikkrus og er Noregs representant i utvalet som jobbar med å utarbeide felles europeiske standarar for alkolås.

– Innføring av alkolås vil kunne stoppe åtte av ti førarar som køyrar i påverka tilstand, seier Eikefjord. Han syner til at der rus er involvert i ulukker, er det i førti prosent av tilfella berre alkohol, førti prosent ein kombinasjon av alkohol, narkotika og medikament. Dei siste tjue prosentane er ei blanding av narkotiske stoffar og medikament.

– Kan gjere det tryggare
Eikefjord håpar òg Noreg vil innføre alkolås, både i kommersielle køyrety og i private køyrety.

 – Det vil sikre menneske fridom frå å møte sjåførar som køyrer i alkoholpåverka tilstand, seier Eikefjord.

LES OGSÅ: I fengsel for fyrste gong

Vil prøve å la vere
Då Andreas var 16 fekk han førarkortet utsett på livstid, så han har aldri hatt førarkort.

– Sjølv om ikkje har lappen, vil eg nok halde fram med å køyre. Men forhåpentleg vil eg ikkje ruse meg når eg gjer det.

24-åringen håpar no at alkolås vil verte innført i norske privatbilar, om det lar seg praktisk gjere.

– Om staten klarar å innføre det, vil det vere heilt topp. Om det kan redusere risikoen for ulukker og talet på ulukker, er det veldig bra, seier Andreas.

LES OGSÅ: – Menn bør ikkje få køyra bil før dei er 23

Kva meiner du? Bør Noreg innføre alkolås?