– Eg har fått mitt første fanbrev

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg har fått mitt første fanbrev – frå bokormen Anna (10). Eg vart så stolt at eg nesten byrja grine, smilar Christian Wiik Gjerde.

Han dreg fram ein knust mobiltelefon og les opp: «Jeg håper at du snart lager en lignende bok av denne typen.»

I desse dagar debuterer barneskulelæraren, som tidlegare har jobba som journalist i NRK Super, som forfattar.

Det er skummelt å gje ut si første bok, men fleire ting peikar i riktig retning for debutanten. Allereie før lanseringa vart boka bestilt i eit nytt opplag.

I tillegg er boka selt til Tyskland – der ho skal gjevast ut på det sjølvstendige forlaget Gerstenberg.

LES OGSÅ: Maria Parr: – Alle barndommar er like viktige

Motvillig moral
I debutromanen «Jakta på firkløveren» skildrar Wiik Gjerde eit lite øysamfunn der unge og gamle lever i skjønn harmoni – ikkje ulikt sin eigen oppvekst på Søre Sunnmøre.

Hovudpersonen Alvar er ni år og bruker sommarferien på å snike seg unna felespelinga, for å leike med bestekameraten Jens på Gulløya. Her har dei grineklubb og badar med den gamle bestemorskikkelsen Gulla. Gutane gler seg til å få nye naboar, men når byguten Magnus kjem, endrar alt seg.

– Moralen i boka er at ein ikkje skal vere redd for alt det nye, forklarar Christian.

Seinare angrar han litt på at han sa dette med moral. Det er fint om lesaren sjølv klarer å finne moralen undervegs. Målet er først og fremst å gleda lesaren – og så kan moralen kome i tillegg.

LES OGSÅ: Meir enn dobling av lettlestbøker på nynorsk

Strikkejakke og fiseklubb
Framtida.no møter den spente debutanten på ein kafé i Torggata. Trestolen han sit på minner om stolane dei hadde på skulen heime i den vesle bygda Tjørvåg i Herøy kommune.

Enkelte ting i boka er nesten teke rett ut av hans eigen barndom, som då bestemora prøvde branntauet, då kameratane hadde fiseklubb og hovudpersonen Alvar, som speler fele og konsekvent går i tøflar og strikkejakke – akkurat som forfattaren sjølv gjorde då han var yngre.

– Det var lett å skrive denne historia, fordi eg har brukt mykje av min eigen oppvekst med sjø, fjell og skog. Eg var veldig glad i å leike meg ute i naturen, men eg var ikkje like tøff som hovudpersonen, minnast 34-åringen.

Men når han tenkjer etter kjem det stadig fleire likheiter.

– Han er jo ein veldig følelsesgut, og det er for så vidt eg med. Han er ein merkeleg karakter, men han er ganske snill, noko eg håpar at eg òg er.

At karakterane framstår som ekte og er lette å identifisere seg med, har vore noko av det viktigaste for forfattaren.

LES OGSÅ: Bannlyser jente- og gutebøker

Ein følsom antihelt
– Trur du at gutar møter varierte nok førebilete i barnelitteraturen?

– Det er eit godt spørsmål, som eg kanskje ikkje er rette personen til å svara på.  

Christian dreg litt på det.

– Nei, kanskje ikkje.

Han har inntrykk av at gutekarakterane ofte er tøffe og barske. Eller så er dei typiske antiheltar, som går frå å vere den upopulære, men som endar opp med å bli helten. I tillegg ser han på det som svært positivt at det har kome fleire sterke jentekarakterar.

– Kanskje det er på tide at det kjem ein følelsesgut, som likevel er tøff. Han er jo tøffare enn desse machokompisane sine. Så er han veldig pysete på andre ting. Han speglar litt denne sårbare guten, som så gjerne vil, men ikkje alltid får det heilt til – som ikkje har heilt trua på seg sjølv. Eg trur det trengs meir enn berre superheltar, seier Christian.

­– Det er jo det det handlar om – å finne helten i seg. Alvar er ein helt, sjølv om han går i tøflar og ikkje ser ut som ein. Han er kanskje ein følelseshelt?

Forfattaren merkar allereie at folk er oppteken av å setja boka inn i anten kategorien «jentebok», eller «gutebok». Sjølv håpar han boka passar til – og vert lese av – begge kjønn.

LES OGSÅ: Gjev ut flest jentebøker

Ungar no til dags
Christian har mykje erfaring med aldersgruppa han skriv for, både frå lærarjobben på mellomtrinnet og frå jobben som programleiar i Superblokka på NRK P1.

– Eg ler veldig mykje når eg jobbar med ungar. Men eg synest det er viktig å ta dei seriøst – ikkje le av dei, men le med dei. For dei har mykje fint å bidra med.

Ein ting han set spesielt stor pris på, er barns fantastiske fantasi, som han nesten er litt misunneleg på.

Han er overtydd over at fantasien har godt av frileik. Nettopp difor er han litt uroleg over utviklinga der ungar nyttar stadig meir tid framfor ein skjerm.

Gulløya er ribba for både nettbrett og mobilar – noko som er eit medvite val frå forfattaren si side.

– Faren med å ta vekk mobil og nettbrett at det ikkje vert moderne nok. Samstundes er det ikkje ei historie om nettbrett og mobil. Det er ei historie om leik, fantasi og venskap, understrekar 34-åringen, som no fryktar han høyrest ut som ein gamal nostalgikar.

Dronning Lindgren
Som lærar har Christian inntrykk av at det står bra til med lesegleda i den oppveksande generasjonen, trass i at forskarar stadig vekk åtvarar om det motsette. Elevane hans har alltid ei bok tilgjengeleg, som dei les i dagleg.

– Ser du forskjell på kva gutar og jenter les?

– Det eg ser er at gutar ofte tyr til faktabøker. Guinness rekordbok er heilt utslitt. Det er mykje fakta om universet, dyr og bilar. Jenter er kanskje meir skjønnlitterære lesarar. Men sjølvsagt er det mange gutar som les skjønnlitterært – då er det gjerne bøker som «Gutta i trehuset» og Harry Potter.

Sjølv slukte Christian bøkene om «Fem-gjengen» og har Astrid Lindgren som sitt største idol. Han elskar stemninga i bøkene hennar og nøler ikkje med å genierklære «dronninga».

LES OGSÅ: Forbyr Pippi og Ole Brumm frå russisk pensum

Fleire Parr?
Og om du no sit og tenkjer at barndomsidyll frå Sunnmøre minner deg om ei anna barnebokdronning, så er du ikkje åleine.

Christian gjekk på skule saman med Maria Parr, som framleis er ei god venninne.

– Eg forstår at folk kan samanlikna oss, noko eg tek som eit stort kompliment. Det har nok litt med oppveksten, at me har liknande interesser og at me begge har barnet godt planta i oss. Likevel håpar eg at folk ser at dette er Christian si bok. Eg trur det er plass til oss begge i barnelitteraturverda, seier den ferske forfattaren, som ikkje er i tvil om at han vil halde fram å skrive.

I likheit med bokormen Anna (10) håpar han at det vil bli fleire bøker etterkvart.

LES OGSÅ: Maria Parr er stor i Russland

Faktaboks

Christian Wiik Gjerde (fødd 1981)
Frå Tjørvåg i Herøy kommune, Møre og Romsdal
Utdanna pedagog
Tidlegare elev ved Nynorsk mediesenter i Førde
Fekk i 2013 Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar for bruk av dialekt og nynorsk i Superblokka på NRK P1

Kjelde: Samlaget