Eg er den nye Ibsen

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ein må legge fjellandet i nord bak seg for å sjå ting klart. Akkurat som Ibsen. Han satt i ein liten by i Italia og såg Norge så klart at det nesten ikkje var til å halde ut. Av og til er det nødvendig med avstand for å sjå det nære betre.

Derfor har eg reist til Spania.

Og litt fordi eg var drit lei vinter og slaps. Eg fekk lyst på ein ferie.

Så no går eg her i spanske gater på jakt etter ein kafé med trådlaust nett. Etter ei veke utan norske nyheiter, skal eg lese norske nettaviser og sjå om eg ser landet mitt klarare, no som eg har fått det på avstand.

Akkurat som Ibsen.

Ikkje akkurat som Ibsen, naturligvis. På Ibsens tid fanst det jo ikkje kafear med trådlaust nett. På den tida heitte det sannsynligvis traadløst næt.

Og Ibsen var mest i Italia. Eg er i Spania. Men Syden er Syden.

Ser du? Eg begynner allereie å sjå større på ting, etter nokre dagar utanfor Norge. Syden er Syden. Det var nok slik Syden verka på Ibsen også. Han reiste til eit land med varmare klima og menneske som kan kunsten å nyte livet. Så sette han seg ned på ein italiensk kafé, googla «norske nætavise», såg Norge så klart som det sjåast kan, klikka på fjørpennikonet på den forhistoriske laptopen sin og begynte å skrive:

Akt 1. Scene 1. En stue.

Eller noko slikt.

Og eg kjenner meg som Ibsen, her eg sitt på ein kafé med trådlaust nett, klar for å lese norske nyheiter for første gong på ei veke. Eg kjem til å sjå ting klarare no, her på ein stad med varmare klima og menneske som kan kunsten å nyte livet. Dei kan verkelig kunsten å nyte livet her, faktisk. Ein halv meter bak meg står ein full spanjol og snakkar med ein speleautomat. Klokka er halv ni om morgonen.

Og dei speler Baccara her. Det gjorde dei nok heller ikkje på Ibsens tid. Baccaren, kanskje. Det var mykje -en-endingar på Ibsens tid. Yes sir, I can boogen.

Nok om det.

No er eg på nett. Og les norske nettaviser for første gong på ei veke. Korleis ser landet ut? På avstand?

Det første eg ser er at norske nettaviser er opptatte av det same som resten av verden er opptatt av: Krig, katastrofar og Charlie Sheen.

Det neste som slår meg er kor mykje eg går glipp av. Denne helga er det både sesongstart i Tippeligaen og landsmøte i Senterpartiet. Og her sitt eg, langt unna, med min espresso, og høyrer på Baccara.

Eg ristar av meg heimlengten og les vidare.

Det er diskusjon om nytt Munch-museum, ser eg. Det er ikkje akkurat nyheiter. Det blei diskutert før eg reiste frå Norge også. Det er få ting som blir diskutert så lenge og heftig i Norge som å flytte på ting. Eller bygge ting. Spesielt å bygge høge ting på plassar som har klart seg heilt fint i årevis som flate og jævlige.

Neste nyheit: Treholt-saka. Den saka er eg også nesten heilt sikker på at eg har høyrt om før.

Neste sak: Alkohol. Norge må kanskje tillate alkoholreklame på tv, les eg. Og Høgre foreslår opne pol på julaftan og valdagen. Alkohol meiner eg også bestemt blei diskutert i Norge før eg reiste derfrå. Når eg tenker meg om, så har eg faktisk høyrt nordmenn diskutere alkohol her i Spania også. Det er ofte det nordmenn i Spania snakkar om. «Ein euro,» seier gjerne ein nordmann til ein annan og ser på ein øl. «Det er faen meg åtte kroner». Den andre nikkar. Så drikk dei. «Åtte kroner,» seier den andre. Og meir seier dei gjerne ikkje den dagen. Før dei seinare same kveld sitt på ein benk ved eit livat torg og drikk øl rett frå boksen. «Dette skulle vore i Norge,» seier ein. «Då hadde vi blitt arrestert,» seier den andre. «Eller skotne.» Så drikk dei litt før dei seier i kor: «Åtte kroner. Fy faen.»

Det er slik nordmenn definerer seg i forhold til resten av verden: Det er kanskje ikkje så mykje som er spesielt med Norge, men det er i alle fall mykje rart med alkohol der.

Eg begynner å sjå ting klart no, kjenner eg, her eg sitt omgitt av historie, tradisjon og speleutomatar. No kjem det:

I Norge varer ingenting evig. Unntatt Treholt-saka og diskusjonar om høge hus og alkohol.

Greitt. Det er ikkje Ibsen. Men det er noko. Og no er det lunsj. Eg trur eg tek meg ein øl til lunsj. Det skulle vore i Norge. Åtte kroner. Fy faen.

Denne artikkelen stod først på trykk i Aftenposten 19. mars.