Det er klementin, ikkje mandarin

Arnt Olav Foseide
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Mandarin har ikkje vore i sal på eit kvart hundreår anna enn i hermetisk form. Det heiter klementin og berre det, seier informasjonssjef Hanne Linnert i Bama til Newswire.

Fleire enn før bruker det rette namnet. Då Bama gjorde tilsvarande undersøking for fem år sidan, meinte annankvar nordmann at dei åt mandarin.


Lev vidare
Dei eldste har ete flest mandarinar og er dei som held mest på navnet. 35 prosent av pensjonistane trur fortsatt at det finst mandarinar, syner undersøkinga YouGov har gjort for Bama.

Litt meir oppsiktsvekkande er det at 29 prosent i aldersgruppa 18-34 år òg seier mandarin.

– Mandarinane vart borte frå hyllene før dei fleste i den aldersgruppa vart fødd. Det seier mykje om kor standhaftig mandarin-navnet er. Overlevelsesevna kan òg kome av at frukta er tett knytta til jul og juletradisjonar, seier Linnert.

Det er framleis kvinner som har best oversikt. 72 prosent svarer rett og sier sitrusfrukta heiter klementin og ikkje noko anna, mot 62 prosent av menn.

Slått ut av steinar
Mandarinane har ei lengre historie enn klementinar. Dei er opprinneleg frå det sørlige Asia og vart ein stor suksess i Europa ut over 1900-tallet. Skalet var både tynnare og lettare å få av enn på ei appelsin.

Men mandarinar kan ha opp mot 25 steinar i seg og måtte etter kvart sjå seg danka ut av dei steinfrie klementinane, som byrja å kome i hyllene på 60-talet.

Klementinar vart kryssa fram av mandarin og appelsintypen pomerans.

– Om du likevel finn steinar i klementinane, skuldast det pollinering frå sitrontre i nærleiken, seier informasjonssjefen i Bama.

Steinar i sitrusen er ikkje veldig populært. På 70-tallet gav kong Hassan II ordre om at den steinrike mandarinsorten Wilking skulle utryddast i Marokko for å unngå at den påvirket klementinar og mandarinsortar med færre stein.

Det vart importert 30 000 tonn klementinar til Norge i fjor. Over halvparten av klementinane blir ete i november og desember.

 

Faktaboks

  • Klementinen er søtare enn mandarinen.
  • Klementinen har vanlegvis ikkje steinar.
  • Klementinener lettare å skrelle enn mandarinen. Skalet er tjukkare og sitt lausare.
  • Mandarinen kjem opprinneleg frå det sørlege Kina, men har sidan vorte spreidd av menneske.

Kjelde: Wikipedia