Den stille skulereforma

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

På seminaret «Barns beste – skule i nærmiljøet», som Landslaget for nærmiljøskolen (Lufs) heldt i Hemsedal sist helg, tok Rune Kvalsund for seg ei rad påstandar om bygdeskulane, som at dei er for små til å ha livsrett, at dei ikkje held mål i kunnskapslæringa, og at dei er dyre i drift. Påstandane held ikkje, meiner han.

– Etter det vi har funne i den forskinga som er gjort på området dei siste tretti åra, er dei små skulane minst på høgd med dei større og i mange tilfelle betre, seier Kvalsund, som er professor i pedagogikk ved Høgskulen i Volda.

LES OGSÅ: Bekymra for vidaregåande skular i distrikta

Ukjent kunnskap
Men Utdanningsdirektoratet kjenner ikkje til dette. I notatet «Skolestruktur: Endringer i landskapet de siste ti årene» skriv direktoratet at «vi vet lite om sammenhengen mellom skolestørrelse og kvalitet». Det synest professoren er merkeleg.

– Ja, vi er fleire forskarar som lurer på dette. Dei sentrale styresmaktene set seg ikkje inn i den forskinga som er tilgjengeleg, og vi forstår ikkje kvifor dei ikkje gjer det, seier han.

– Inntrykket er at det rår ei oppfatning om at skule betyr urban skule og stor skule, og at dei skulane som ikkje er det, er avvik og mangelutgåver som vi bør leggje ned så sant vi kan.

LES OGSÅ: – Absurd å leggja ned

Meiningstom fråkopling
Kvalsund ser sentraliseringstrenden i ein større samanheng, for det pedagogiske innhaldet i skulen har òg vorte dreidd, meiner han. Kunnskapsløftet har ført med seg både einsretting og fråkopling.

– Vi har fått abstrakte, meiningstomme skulefag som er like nyttige i Nairobi som i eit lokalsamfunn på søre Sunnmøre. Dei er meiningstomme i den forstand at dei ikkje blir kopla til det lokale og regionale, seier professoren, som forstår godt at mange elevar kan ha vanskar med å forstå meininga i dei abstrakte faga.

– Vi er vel den første generasjonen som set barn på skulepulten i tolv– tretten år, tar dei ut av samfunnet og kulturen og koplar dei frå møte med naturen. Det seier vi skal kvalifisere dei for livet. Eg ser det som eit paradoks at vi skal kvalifisere folk for livet i samfunn, kultur og natur ved å ta dei bort derfrå, seier han.

LES OGSÅ: Dårleg inneklima på norske skular

Pisa-testing
– Etter det nye læreplanverket kan skulen vere lokalorientert. Det står òg i Kunnskapsløftet. Men det aller meste no går i retning av Pisa og testing av kontekstfråkopla skulefag, seier professoren.

Dei små skulane, dei med færre enn 70 elevar, fungerer mykje betre enn dei større i ein slik meir utovervend, samfunnsretta pedagogikk, meiner Kvalsund.

– Dei store einingane er ikkje handterlege når det gjeld å dagleg komme seg ut og ha kontakt med lokalsamfunnet og naturen. Det er mykje lettare å få denne kontakten med små einingar. Dei ligg ofte i område med kort veg til naturen også.

LES OGSÅ: Regjeringa vil pussa opp 1.000 skular

Eit kraftigare «medium»
– Det er som forholdet mellom radio og fjernsyn: Småskulane er eit kraftigare medium, for relasjonane er tettare. Når det fungerer, så fungerer det svært bra, men når det er dårleg, så slår det ut andre vegen. Det å vere liten er ingen kvalitetsgaranti, men det gir store moglegheiter, seier Rune Kvalsund.

 

Faktaboks

Fakta om skulenedlegging

• Grunnskular i 2002/2003: 3.342

• Grunnskular i 2012/2013: 2.970

• Nedlagde skular dei siste ti åra: 550

• Nye skular dei siste ti åra: 181

• Private grunnskular i 2012/2013: 186

• 60 prosent av dei nye privatskulane erstattar nedlagde offentlege skular.

• Gjennomsnittleg elevtal 2002/2003: 183

• Gjennomsnittleg elevtal 2012/2013: 207

• Halvparten av dei nedlagde skulane hadde over 33 elevar.

• 64 prosent av elevane går på skular med over 100 elevar.

Kjelde: Utdanningsdirektoratet