– Absurd å leggja ned

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er absurd å leggja ned dette tilbodet. Det er jo økonomiske årsaker som ligg bak forslaget om nedlegging. Men musikklina gjev store kulturelle inntekter, seier Bendik Finborud (17).

Dei må ta til vit

– På facebook-sida «Ikkje legg ned musikklina på Voss!» ytrar hundrevis seg.

«Dei må ta til vit, so primitive kan ikkje politikarane i fylket vera??» utbasunerer kvedar Berit Opheim Versto.

«Skammeleg!» tordnar tenor Aasmund Kaldestad.

Engasjementet mot å leggja ned musikklina på Voss gymnas breier om seg, og elevane sjølve fører an i kampen.

– Musikklina har fått fram utruleg mange talent, og kanskje endå meir i det siste enn før. Det er absurd å leggja ned dette tilbodet, seier Bendik Finborud, som går første året på musikklina.

Treng tilbodet

Timar før onsdagens folkemøte på gymnaset, sit syttenåringane Sarah Dijkstra, Bendik Finborud og Olav Tyssen Bergo i eit øvingsrom på skulen. Dei er hovudristande til at fylkeskommunen vil leggja ned ein suksess. Dei fortel at søkjartala har gått opp dei seinare åra, og at Hordaland fylkeskommune òg har auka storleiken på klassen fram gjennom.

– Eg er frå Ulvik. Om det er slik at musikklina på Voss vert lagt ned, og Fyllingsdalen vert alternativet, ville eg synast at var for langt vekk heimefrå. Eg trur ikkje eg ville reist så langt for å gå på skule som seksten-syttenåring, seier Sarah, som går i andre klasse, saman med Olav.

Olav tenkjer det same. Han er frå Eksingedalen, og seier at Voss er den naturlege staden å søkja for ungdom frå hans område.

– Eg anar ikkje kva eg skulle gjort om me ikkje hadde hatt musikklina her, seier vossingen Bendik, og dei to andre ser det likt for sin del

Facebook-kampen

Kampen for å redda musikklina slår gneistrar i sosiale media. Facebook-sida«Ikkje legg ned musikklina på Voss!» har vel ni tusen medlemer, og ein underskriftskampanje har fått kring 2500 signaturar.

Les saka i Avisa Hordaland!