Demokrati-kritikk mot ny læreplan

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Demokrati-kritikk mot skulen

Skulen lærer elevane om demokrati, men lite om korleis dei blir demokratiske medborgarar. Demokratioppdraget til skulen blei tona ned med innføringa av læreplanverket Kunnskapsløftet i 2006, ifølgje doktoravhandlinga til Janicke Heldal Stray. Ho er ikkje imponert over dei føreslåtte endringane i den nye læreplanen i samfunnsfag som skal gjelda frå hausten.

– Kompetansemåla er veldig avgrensa og tilbakehaldne. Læreplanen legg ikkje opp til at elevane skal få praktisera og erfara demokrati gjennom skulen, for eksempel korleis dei kan løfta saker som er relevante for dei, seier ho og rår til at elevane får delta meir sjølv.

Når kring halvparten av ungdom ikkje bruker stemmeretten sin handlar det om at stortingsvalet ikkje er relevant for dei, meiner Heldal Stray, som i dag jobbar som førsteamanuensis i samfunnsfag ved Menighetsfakultetet.

– Me lærer for lite om kvifor me bør bruka stemmeretten på skulen. Fleire må få inn at det er viktig å stemma, sa Ingrid Garborg Østrem, elev ved Bryne vidaregåande til Framtida.no tidlegare i veka.

LES SAKA:– Me lærer for lite om politikk

– Både skulen og politikarane må bli flinkare til å gjera politikk relevant for unge veljarar, seier Janicke Heldal Stray.

Klare tilrådingar frå FN og OECD
I ei internasjonal undersøking frå 2010 scora norske ungdommar høgt på demokratiforståingsamanlikna med andre land. Men då Ungdommens maktutgreiing blei lagt fram for halvanna år sidan, peika den på at demokratioppdraget til skulane i Noreg har blitt nedtona samstundes som det har blitt auka merksemd om dette internasjonalt. Blant anna har OECD og UNESCO utarbeidd tilrådingar til medlemslanda om korleis det demokratiske medborgarskapet til ungdom kan styrkast gjennom utdanningssystemet. Tilrådingane kjem som eit svar på ein aukande uro for at ungdom deltar stadig mindre i viktige demokratiske institusjonar.

LES OGSÅ:– Så klart eg vil bruka stemmeretten

Grunnleggande dugleik
Ungdommens maktutgreiing føreslo å laga eit eige demokratifag i skulenfor alle elevar. Det blir det enno ikkje noko av, men til hausten kan elevane i ungdomskulen få velja demokrati som valfag.

– Det er betre enn ingenting, men ein burde følgt ungdommens maktutgreiing si tilråding, seier Janicke Heldal Stray til Framtida.no.

– Dagens unge er ein ekstremt oppegåande generasjon. Dei handterer meir informasjon enn nokon andre har gjort før, dei har høg kulturell kompetanse og er gode til å ta vare på kvarandre. Dette er rett og slett kremgenerasjonen, slår ho fast.

Ho meiner at demokratiopplæring bør inngå i alle fag. Det kan hjelpa skulefaga å bli meir samfunnsrelevante enn dei er i dag.

– Eg meiner det er grunn til å diskutera om demokrati bør vera grunnleggande dugleik som går gjennom alle fag. Det nyttar ikkje å vera god i matte om ein ikkje klarer å samarbeida, seier ho.

Eit fag utan lærebøker?
I vår har det vore ein debatt om samfunnsfagsbøkeneer nøytrale og utan politisk slagside, starta i tidsskriftet Prosa.  

Janicke Heldal Stray synest sjølv at samfunnsfagsbøkene på VG1 er gode, men at dei ikkje er gode nok på å forklara samanhengar for ungdom.

– Bøkene har avgrensa plass og lesaren må ha ein del forkunnskapar for å få oversikt over samanhengane og relevansen for eige liv. Slik sett er dei best for vaksne, seier ho.

– Samfunnsfag er mulegens eit fag, når det gjeld demokrati og deltaking, som ikkje burde støtta seg berre til lærebøker. Kanskje ikkje treng bruka lærebøker i det heile? Kanskje det heller bør vera slik at lærarar og elevar burde utforska samfunnet saman? spør ho.

Heldal Stray meiner blant anna at elevane bør få læra korleis dei løftar fram viktige saker. Elevane bør få retorisk trening og erfaring med å delta i politiske diskusjonar og korleis ein formulerer ein sak skriftleg.

– Noko av det som er avgjerande er at elevane sjølv løftar fram saker som angår også dei og kanskje det som særleg angår dei. For å gjera dette må dei ha oversikt over politiske spørsmål, innsyn i korleis dette angår dei, og dei må ha høve for å praktisera medverknad i og utanfor skulen.

Korleis meiner du skulen kan bli betre i samfunnsfag? Kva meiner du skal til for at fleire unge skal bruka stemmeretten sin?

Faktaboks

Framtida.no markerer 100-årsjubileet for stemmerett for kvinner med ein artikkelserie om likestilling og korleis me bruker stemmeretten. Les fleire saker om stemmerett her!

Dei siste tre stortingsvala har valdeltakinga blant unge under 22 år variert mellom 55 og 57 prosent. Sjå utvikling over tid her!