– Born blir brukt for å sensurere på nett
Det er mobbing mellom born som er mest skadeleg for dei på nett.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Born blir brukt for å sensurere
Elisabeth Staksrud har tidlegare jobba i Medietilsynet og har lang røynsle med å studere tiltak som verkar og som ikkje verkar når ein vil ta hand om tryggleiken til born på nett. I doktorgraden sin frå Universitet i Oslo, Children and the Internet: risk, regulation, rights, har ho sett på korleis ulike land forheld seg til dette.
– Det som ofte pregar området med å verne born på nett, er adhoc-initiativ. Det oppstår ei slags mediepanikk, det går fort, og nokre må gjere noko, seier Staksrud til forskning.no.
I Noreg blir ikkje innhald sensurert på nettet, med unntak av at det finst eit samarbeid med bransjen og Kripos om å sette grenser for tilgangen til seksualiserte bilete av born på Internett.
Andre land, som Australia, har strengare sensur, blant anna med argument i nettryggleiken til born. Nokre land sensurerer porno frå nasjonalt hald.
– Ein del aktørar har innrømt at dei til dømes synest det er nyttig med barnepornografi fordi politikarar forstår dette og reagerer. Når politikarane har sett i verk tiltak kan dei same lovane, reglane eller tekniske løysingane òg bli nytta for å bekjempe anna innhald, slik som brot på opphavsrett, seier Staksrud.
Pornografisk filter
Her heime har mange foreldre gode hensiktar med å få teleoperatørene om å få sett på såkalla filter som sensurerer visse typar innhald på nett, med grunngjeving i at det skal verne borna. Til dømes kan dei filtrere bort pornografisk innhald.
Det som skadde borna mest på sikt var utan tvil mobbing frå andre born. Trass i at alle foreldra i ein studie som blir nytta i avhandlinga var mest urolege for effekten til porno på borna, finn doktoravhandlinga at pornografi stort sett blir sett på som uproblematisk av borna, og ikkje fører til langvarig skade, ifølgje forskaren.
Digital mobbing eit stort problem.
Ifølgje ei undersøking Telenor har gjort, seier 66 prosent av born mellom 10 og 15 år at dei sjølv eller vener har fått mobbemeldinger på internett eller mobiltelefon. 14 prosent sider dette er vanleg.
Ellen Helsper, foredragshaldar på London School of Economics som mellom anna har vore med på å lage rapporten Risks and safety on the internet: The perspective of European children, fortel at digital mobbing var eit av dei største problema for dei mange tusen borna som var intervjua.
Aktive foreldre viktig
– Dei borna som gjennomgåande, over heile Europa, klarar seg best på internett, er dei med foreldre som har ei positiv haldning og aktiv rolle i borna sine nettbruk. Det beste er å engasjere seg tidleg. Då synest borna det er gøy at foreldra er med.
Gjennomsnittsalderen for når norske born startar å bruke internett er 18 månader.
– Brukt for å innføre sensur og overvaking
– Born har allereie vorte brukt som argument for å innføre sensur og overvåkning. Helga Pedersen argumenterte for datalagringsdirektivet med at viss berre éit barn blir redda, er det verd det, seier Øystein Middelthun, leiar i FriBit, til Framtida.
Middelthun er uroleg for at den komande revisjonen av åndsverklova vil innehalde slike tiltak, og i høyringsteksta kunne ein lese at barnepornofilteret fungerer og at ein difor burde finne ei tilsvarande løysing for å handtere opphavsrett, seier han.
– Underhaldningsbransjen utnyttar dette svært kynisk. Johan Schlüter, frå den danske antipiratgruppa, sa rett ut, ved eit seminar i 2010, at barneporno er flott. Han meinte at politikarar forstår barneporno, og at dette er noko bransjen kan utnytte for å få dei til å blokkere fildelingsstadar.
Han er ikkje overraska over funna i doktoravhandlinga, men glad for at uavhengig forsking bekreftar tendensen og rettar søkelys mot problemet.
Porno kan vere skadeleg
– Vi veit at mange born og unge er vitne til mobbing på nettet, og det er svært viktig å fokusere på arbeid mot digital mobbing. Dette jobbar vi mykje med overfor både born og foreldre, og Barnevakten, Telenor, Raude Krossar og Medietilsynet har hatt ein kampanje mot digital mobbing i norske ungdomsskular sidan 2009, seier Kjellaug Tonheim Tønnesen, rådgjevar i Barnevakten, til Framtida.
Dei meiner likevel at det ikkje kan setjast opp mot pornografi.
– Det er ei subjektiv vurdering å slå fast at porno stort sett blir opplevd som uproblematisk av borna, og ikkje leier til langvarig skade. Kva legg ein i «skadeleg», og korleis kan ein måle på sikt kva det gjer med born og unge å bli eksponert for sterke inntrykk for tidleg? Born er òg veldig ulike og taklar porno veldig ulikt. Det er òg viktig å vere klar over at pornografiske nettsider er veldig ulike frå kvarandre. Nokre er ”snillare”, medan andre kan ha grove element av for eksempel vald eller sex mellom dyr og menneske.
Barnevakten støttar foreldre som ynskjer å skjerme borna frå alle typar sterke inntrykk, overforbruk av pengar via nettet osv, avsluttar Tønnesen.
Les òg: Er internett verkeleg?