Bloggande bygdetulling

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sidan Frp-ar Hanne Maren Blåfjelldal vart statssekretær har det vorte nokre færre oppdateringar på «Mitt liv som bygdetulling», men det er heldigvis i ferd med å ta seg opp att. Og slik kjem òg lesarane attende.

LES OGSÅ:Kårar verdas beste nynorske blogg

Speler på myta
Statssekretæren er denne vekas bloggar i Framtida.no, og er difor nominert til den gjeve tittelen: Verdas beste nynorske blogg.

I hennar hjørne av internett kan ein i desse dagar lese mykje om landruk og matsvinn, men blar ein seg litt tilbake finn ein òg ei strålande kjærleikshistorie med utspring i bloggen. Hanne Maren skreiv nemleg ei humørfylt kontaktannonse på eigen blogg, og fekk svar etter to år.

Det kjem altså litt av kvart frå ein sjølverklært bygdetulling.

–Tittelen på bloggen handla litt om å spele på den myten enkelte har prøvd å skape av folk som bur på bygda, og då kanskje spesielt Frp’arar som har blitt stempla som bygdetullingar av enkelte av våre motstandarar. Eg har også alltid prata bygda si sak i partiet mitt, og det er vel sikkert enkelte som meiner at eg i blant blir litt for mykje pro-bygd, skriv Hanne Maren i ein epost til Framtida.
Ho var ikkje heilt ukjent med bloggsfæren då ho starta bloggen i forkant av stortingsvalkampen 2009. Den gong var valdresingen andrekandidat på stortingsvallista til Oppland Frp.

– Bloggen var ein viktig kanal for politisk bodskap og fortelje om den politiske kvardagen, forklarar 32-åringen, som er utdanna lektor og sammfunnsgeograf.

Sjekk ut andre gode nynorske bloggar her.

Kjipe misforståingar
No har ho skifta beite og bloggen har endra seg med det.

Kva har du lært sidan du starta å blogge?

– Å vere veldig presis i kva du skriv. Alt kan bli misforstått eller bli sitert ein eller annan plass, så det er viktig å vere klar og tydelig på kva ein meiner, svarar statssekretæren.

For politikaren har blogginga betydd ei moglegheit til å fortelje om politiske sakar eller den politiske kvardagen utan at det blir filtrert av nokon andre enn ho sjølv.  

– Har du nokre tips til andre politiske bloggarar?

– Det er når du vågar å vere kontroversiell eller setje ting på spissen at det blir politisk debatt. Politisk debatt er sunt, og det er usunt om alle er einige med deg. Ta det difor som eit kompliment med mykje debatt knytt til innlegg du skriv. Ver samstundes førebudd på at du kan få anonyme stygge kommentarar. Ikkje ta det personleg. Slike innlegg er null verdt, oppmodar Hanne Maren.

Dei kjekkaste tilbakemeldingane ho får er saklege tilbakemeldingar, sjølv om avsendar ikkje nødvendigvis er einige med hennar synspunkt.

– Eg sett også stor pris på kommentarar som gjev ros anten på skrivemåte eller humor.

– Kva er dei kjipaste tilbakemeldingane du får på bloggen?

– Når eg føler folk misforstår med vilje berre for å vere kverulantar, eller når dei tydeligvis har bestemte seg for kva eg står for utan eigentleg å lese det som står.

LES OGSÅ: Bygdas bloggstemme

Engasjerande språk
Hennar mest lesne innlegg gjennom tidene stiller spørsmålet: «Kvifor er folk i Oslo så sure og sinte?»

Ifølgje Hanne Maren var det ein meir eller mindre velfundert refleksjon over ein tur til Oslo då ho budde i Vågå. Ho har lært at det ikkje er noko som skaper meir debatt og engasjement enn når ein skriv om by og bygd og sett dei opp mot kvarandre.

Eller om ein skriv om språk. Det nest mest leste innlegget handlar om nynorsk.

Korleis har blogginga di endra seg etter at du vart statssekretær?

– Eg har for det fyrste blogga mykje mindre. Det var ei lang periode utan noko særleg med innlegg. Eg vart vel så redd for å skrive noko feil at eg ikkje turte skrive noko. Eg sleit med å finne ein form å skrive på som passa for å fortelje om nye oppgåver og ny kvardag. Etter kvart er eg blitt tryggare i ny rolle og no brukar eg bloggen mykje til å skrive om reiser eg er på, historier eg får høyre og ting eg testar ut. Eg prøver å kombinere politikk med ein personleg vri, og også bruke ein del bilete som illustrasjonar.

Tips oss om gode nynorske bloggar på tips@framtida.no!

Humor på jobb
– Er det noko du absolutt ikkje kunne ha blogga om som statssekretær?

–Eg har ikkje blogga om kvardagen i departementet og interne forhold i Landbruks- og matdepartementet som involverer andre enn meg sjølv. Det er mykje latter og diskusjonar her i Landbruks- og matdepartementet, men mykje av det er internhumor.  Vi har til dømes ein revy kvart år der våre tilsette lagar ei fantastisk framsyning der ikkje minst vi i politisk leiing får gjennomgå. Det kunne blitt eit artig blogginnlegg, men eg har ikkje blogga om det fordi det involverer dei tilsette her og internhumoren som fungerar som internmedisin kunne fort ha blitt tatt ut av kontekst, meiner Hanne Maren, som har latt seg imponere over både humoren og kunnskapen til sine nye medarbeidarar i departementet.  

– Eg trur Landbruks- og matdepartementet må vere det artigaste departementet å vere i, slår ho fast. 

LES OGSÅ: Bryt mållova: Skriv for mykje nynorsk

Travle dagar i departementet
Fram til no har dagane til den årsgamle statssekretæren gått mykje i budsjett, sakar som er til behandling i Stortinget og sakar som skal eller er sendt på høring. I tillegg får ho reist ein del og vore med på ting som jurymøte for å kåre Årets unge bonde 2014.

– På måndag skal eg på eit kyllingslakteri og bli vidare kjend med fjørfenæringa. Og så driv eg og kladdar litt på innlegget til landsmøtet til Bonde- og småbrukarlaget neste helg, skriv valdresingen.

Så då er det kanskje ikkje så rart at det vert litt mindre blogging.  

Hanne Maren med sjefen sin, landbruksminister Sylvi Listhaug, på vitjing hjå papirfabrikken til Norske Skog i Skogn. Foto: Blaafjelldal.blogspot.no

Faktaboks

Verdas beste nynorske blogg

• Kvar veke ut 2014 kårar Framtida, i samarbeid med Noregs Mållag og Norsk målungdom vekas nynorske blogg.
• Når året er omme vil ein av desse kunne smykke seg med tittelen «Verdas beste nynorske blogg» og få ein pengepremie på 10.000 kroner.
• I juryen sit Synnøve Marie Sætre (Norsk målungdom), Kjartan Helleve (Noregs Mållag) og Svein Olav Langåker (redaktør i Framtida)
• Publikum kan nominere bloggar så lenge kåringa føregår.