Bieffekten

Ida Bergitte Andersen Hundvebakke
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Sjå her. Denne kuben er heilt annleis.

Mikkel Dagestad kryssar vegen i Herligheten Parsellhage og går mot eit lite trehus. Her, midt blant asfalt og betong, held fleire biesvermar til. Dette er tredje året Dagestad og kompanjongen Marius Presterud held på. Hobbyen har etterkvart blitt til Oslo Byrøkt, eit firma dei håpar å drive så stort som mogleg.

Dei er ikkje åleine om å halde på med dette. Dei siste åra har interessen for birøkting eksplodert i hovudstaden, spesielt blant unge folk. Å sikre redde biene har blitt ein kampsak mange har trykka til brystet sitt, og folk plasserer biekubar på dei raraste plassar.

– Eg og Marius kjente kvarandre frå før og snakka om å finne på noko saman. Vi enda på bierøkting etter at Marius hadde lest ein artikkel om dette, seier Dagestad.

LES OGSÅ: Kan biene løysa antibiotikakrisa

Dei fleste som driv med bybier har kanskje to til tre kuber. Storprodusentar har gjerne 300.

Tettare på naturen
Han skildrar birøkting som ein metode for å bli mindre framandgjort til eige arbeid. Å kome nærare naturen og det ein brukar dagane sine på.

– I bierøkting eig ein alle ressursane og lagar produktet sjølv. Ein jobbar ikkje ein plass og får løn for arbeidet ein har gjort.

Om ein vil starte med bierøkting kontaktar ein først ei bierøktarlag som held nybyrjarkurs for å lære alle triksa ein treng for å hindre ei eventuell buzzande katastrofe.

–  Så kjøper ein ein kube. Den kjøper ein av røktarar som produserer kuber for sal. Ein kan få tak i ulike rasar, så ein bør velje seg ei. På røktarkurset får ein utdelt ein mentor. Vi gjer som han gjer, og valte difor same type som han har.

Skrekkblanda fryd
Den fyrste sesongen var prega av skrekkblanda fryd. Det er eit stort ansvar å måtte ta vare på levande individ som er stand til å ta eigne avgjersler.

– Hovudsesongen er frå april til oktober. Det byrjar med oppfølging på våren. Då må ein passe på at biene har nok mat og nok plass. Om dei ikkje har nok mat kan dei stryke med. Om dei har for liten plass kan dei begynner å sverme, og om plassen blir for stor kan dei også stryke med.  Om sommaren klarar dei seg meir sjølv, då brukar ein tida til å klargjere for vinteren. Så kjem innhaustinga. Då går det fort ein del tid. No er vi på sesong tre og det går gradvis betre og betre. Stadig færre bier døyr og vi forstår meir kva som skjer når vi held på. I starten vart det mykje synsing.

LES OGSÅ: Difor forsvinn biene

Kulturentreprenørar
Først kom ølbrygging, så tok bierøktinga over som den ulitmate hipsteraktiviteten innanfor Ring 3. Men hos den harde kjernen – Bierøktarane med stor b – er snittalderen enno høg. Oslo Byrøkt meiner fråfall i rekkene blant dei som driv storproduksjon er ei større fare for honningbie-populasjonen enn massedød blant biene.

– Hos bierøktarane som driv storproduksjon er nok gjennomsnittsalderen 60 år. Folk i byane har kanskje tre kubar. Dei som driv stort har 300. Når dei fell frå treng ein nye og yngre røktarar til å ta over, seier Dagstad.

Han ynskjer ikkje å plassere Oslo Byrøkt inn i hipster-kategorien med produksjon i liten skala.  Dei kallar seg sjølv kulturentreprenørar og seier dei prøver endre konvensjonar gjennom arrangement knytt til produksjon, behandling og fortæring av bienes og vårt arbeid. Mellom anna har dei fleire kunstnarar på lønnslista og fekk i 2015 støtte frå Norsk Kulturråd til arbeidet sitt.

– Vi vil tenke større, ta røktinga vidare til neste nivå. Vi tenkjer å i større grad tilby røktartenester enn honningproduksjon. Vi har kuber på Sørenga, Fornebu, Kunstnernes Hus og hos ROM for kunst og arkitektur. Fleire av plassane røktar vi for andre. Då får vi lønn for arbeidet, og dei kan bruke honningen som blir laga som ein del av profileringsarbeidet sitt.

LES OGSÅ:  Vil redda birøktarane

Ikkje så effektiv som mange trur?
Tambier har fått kritikk for å øydelegge for dei 208 villbieartane ein har i Norge, fordi det oppstår ein kamp om ressursane. Ein tredjedel av desse er på raudlista. Frode Ødegaard hos NINA forskar på bier og bekreftar at det kan bli ein kamp mellom dei ville og dei tamme biene, samt at honningbiene kan smitte andre artar gjennom pollinering. Utover det er han glad for at interessa rundt biene og naturmangfaldet har auka dei siste åra.

– Men det er ei feiltolking at ein kan redde mangfaldet ved å ha bikubar. Det er fint å ha biekubar om ein er glad i honning og treng litt ekstra pollinering i hagen sin, men utover det gjer det ikkje så mykje meir, seier Ødegaard.

På kubene skriv ein kva som vart gjort sist ein var og "stelte" med biene.

Kven er problemet?
Dagstad ser innvendingane mot tambiene, men han meiner samstundes at fordelane med den auka interessa for bier er fleire enn dei negative.

– Sjå rundt deg her. Skal ein fokusere på at nokon plasserer ut nokre bikubar her, eller er det andre og større ting å fokusere på, seier han og peiker på asfaltjungelen rundt seg. Ein asfalt som truleg blei lagt i eit naturområde ein gong for lenge, lenge sidan og berre har ekspandert. Og som i tillegg har ført med seg trafikk og eksos.

–  Eg meiner bier gjer ein by meir interessant. Alle plassar treng pollinering og bier i byen er ein god måte for folk å få ei bevisst tilknyting til miljøet og nærmiljøet sitt. Det er også ein god møteplass og samlingsstad for folk som bur i byen. Det vi fryktar aller mest er ein generisk by. Bier kan vere ei brekkstang til å endre folks perspektiv og skape bevisstheit, seier Dagstad.

LES OGSÅ: Biene i Oslo får eigen autostrada

Ligg i genetikken
Biene har med andre ord nokre fordeler for eit bymiljø, men kva har det å seie for menneska at naturen gradvis rykkar meir og meir inn i asfaltjungelen?

Marianne Thorsen Gonzalez, 1. amanuensis, ph.d, ved Diakonhjemmet Høgskole fortel at forsking viser at naturen kan virke lindrande og hjelp oss å hente oss inn i periodar med mykje stress og belastning. Ho seier det å vere tett på naturen har ein viktig eksistensiell dimensjon for mange.

Å vere tett på naturen har dessutan aldri vore meir trendy. Aldri har fleire gått frå hytte til hytte, og birøkting er berre eitt av dei mange urbane landbrukstiltaka som veks fram i stor skala.

– Kvifor trur du at det har blitt så populært?

–  Ein må hugse på at det er først dei siste 100 åra at vi i mindre grad har vore tett på naturen. Det fins teoriar om at vi menneske har ei genetisk nedarva evne til å engasjere oss i og fascinerast av naturen. Eg trur dessutan at folk begynner å forstå alvoret i at vi held på å øydelegge naturen, og at vi har ei varselklokke i oss som seier at vi må ta vare på den. Viktor Frankl, ein kjent jødisk psykiater, sa at om ein fjernar seg for mykje frå naturen vil ein kunne føle seg framandgjort, trist og utilfreds.