Vil redda birøktarane

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka var først i Møre-Nytt

600.000 bier fordelt på 30 kubar står vinterlagra i Furene. Snart er dei klare for vår og pollinering av blomar. Aage Berge har vore birøktar i 35 år og er leiar i Vestre Sunnmøre Birøktarlag. No treng dei fleire bie-entusiastar.

– Vi må få inn nye krefter som kan drive vidare. I dag har vi rundt 20 birøktarar på Søre Sunnmøre, men snittalderen er i ferd med å verte vel høg, og vi treng fleire røktarar. Det er viktig arbeid. Det handlar om pollinering av blomster i naturen, og særleg dei som har frukttre er nok interessert i det. Dei fleste har vel høyrt om biedøden og humledøden. Dei vert færre og færre, og det kan få konsekvensar for mellom anna matproduksjonen.

No vil laget arrangere kurs for bie-interesserte.

– Vi treng minst 5–10 påmelde for å kunne halde kurs, så vi håper der er nokre som kunne tenke seg å starte med dette. Det er berre å ta kontakt med meg.

I dag har han 20.000 bier i kvar kube, men om sommaren, dersom forholda er optimale, kan der vere mellom 70.000-90.000 bier i kvar.

Berge letter på eine loket, og det kokar under overflata.

– Dei er klare for våren no, men det er enno litt tidleg å sleppe dei ut.

LES OGSÅ: Kva ville skjedd utan biene?

Ikkje til plage
Å drive med bierøkt er noko alle kan gjere, meiner Berge. I Oslo er det eit vanleg syn med bikubar på hotelltaka. I Ørsta og Volda plasserer røktarane ut kubane der dei får lov til det. Dei kan ikkje stå for tett. Då får ikkje biene nok mat.

– Men dei treng ikkje å stå så aude til heller. Vi har hatt folk som har drive med dette i Rystefeltet, til dømes. Så lenge biene får vere i fred og får konsentrere seg om arbeidet sitt, å sanke nektar, så er dei ikkje til plage for nokon, meiner han.

– Og så kjem det noko godt ut av det for røktarane også, i form av honning.

Aage Berge har vore birøktar i 35 år. I dag held han styr på 30 kubar.(Foto: Janne-Marit M. Falch)

Aage Berge har vore birøktar i 35 år. No vil han rekruttera yngre krefter. Foto: Janne Marit M. Falch

Få i starten
Og Berge ventar ikkje at potensielle bierøktarar vil starte med fleire titals bikubar frå starten av.

– 1–2 kubar held i starten, og så går det an å bygge på dersom folk finn ut at dette er noko dei ønskjer å halde på med. Eller dei kan halde seg på eit lågt tal. Det viktige er at det vert gjort.

Oppstart for kurset vert i månadsskiftet april/mai, med seks kurskveldar i løpet av like mange veker.

– Og røktarlaget vil ordne med avleggjarar, eller bier, til alle nye.

LES OGSÅ: Kan biene løysa antibiotika-krisa?