– Verda må tilpassa seg uviss klimaframtid

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Verda må tilpassa seg

FNs klimapanel la måndag fram ein ny rapport om konsekvensane av klimaendringane. Rapporten byggjer på dei same spådommane som før om at temperaturen kjem til å auka med mellom 0,3 og 4,8 grader, og at havet kjem til å stiga med mellom 26 og 82 centimeter.

Men klimapanelet (IPCC) legg større vekt enn før på dei vanskane som kan ramme jordbruket og matproduksjonen i mange land.

Panelet slår òg fast at endringane i klimaet allereie er i gang, og at dei blir sterkare jo varmare klimaet blir. Om verda blir meir enn 4 grader varmare, kan verknadene bli heilt katastrofale. Då er det heilt avgjerande med tiltak som gjer det mogleg å tilpassa seg dei nye vêrmønstera.

– Det gode nyhendet frå klimapanelet er at me kan gjera noko. Me kan minska risikoen for farlege klimaendringar, både ved å tilpassa oss og ved å redusera utslepp. Dette må me gjera raskare enn i dag, seier klima- og miljøminister Sundtoft i ei pressemelding.

LES OGSÅ: FN: – Klimaendringar vil gi gigantkostnader

Veit ikkje kostnaden
Nøyaktig kor kraftig den globale oppvarminga blir, og kva verdssamfunnet kjem til å gjera dei neste tiåra for å handtera problemet, er uråd å seie sikkert. Dermed blir det òg vanskeleg å seia kor mykje klimaendringane vil kosta.

IPCC-rapporten legg vekt på handteringa av risiko og uvisse og peikar på fleire område der risikoen kan bli høg.

QUIZ: Ta den store klimaquizen!

Mattryggleiken står i fare mange stader viss temperaturen blir meir enn 2 grader høgare enn i dag. Blir det meir enn 4 grader varmare, kan det bli svært vanskeleg å fø verda.

Mange dyre- og planteartar både på landjorda og i havet står i fare for å bli utrydda dette hundreåret. I mange tørre område blir tilgangen på ferskvatn truleg enda dårlegare enn før.

I tillegg blir kystområda meir utsette for flaum viss havnivået stig. Eit stort tal menneske, blant anna i asiatiske land, kan i så fall bli tvinga til å reisa frå heimane sine.

Verda kan få nye problem viss ein blir nøydde til å handtera mange ulike klimakonsekvensar på éin gong.

KOMMENTAR: Mindre olje, meir rettferd

– Oppsiktsvekkjande
Leiaren i Naturvernforbundet, Lars Haltbrekken, seier til VG at den siste delrapporten frå FNs klimapanel er oppsiktsvekkjande. Rapporten slår fast at menneskeskapte klimaforandringar er i gang, og at om utsleppa held fram vil det auke den globale oppvarminga.

– For første gong slår panelet fast at klimaendringane er i gang på alle kontinent, dei er ikkje lenger berre ei moglegheit. Det er nytt at panelet slår dette fast så klart, seier Haltbrekken.

– Me merkar det alt med større og sterkare flaumar og skal ikkje sjå bort frå at dette er menneskeskapt, seier leiaren i Naturvernforbundet og seier at infrastrukturen i Noreg ikkje vil tola den auka nedbørsmengda.

Faktaboks

• Verdas avlingar kan reduserast med 2 prosent kvart tiår, noko som skjer i ei tid der det samtidig blir auka etterspørsel etter mat på 14 prosent kvart tiår.
• Afrika sør for Sahara vil få avlingstap på mellom 18 og 30 prosent.
• Det er stor fare for auka utrydding av artar som følgje av klimaendringar. Så mykje som halvparten av verdas artar står i fare for utrydding i løpet av dette århundret, men vurderingane varierer mykje.
• Stor fare for meir og kraftigare ekstremvêr som hetebølgjer og flom.
• For kvar grads oppvarming vil 7 prosent av verdas befolkning få dårlegare tilgang til reint vann
• Innan 2100 vil fleire hundre millionar måtte flytta på grunn av flom. Dette gjeld i særleg grad aust-, søraust- og sør-Asia.
• Kostnadene for utviklingsland å tilpassa seg klimaendringane er rekna å vera mellom 400 og 600 milliardar kroner per år.

Gå til klimarapporten her!