Baby kurert for hiv i USA

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Baby kurert for hiv

Dei amerikanske forskarane kan ha stått for eit gjennombrot i arbeidet for å finna måtar å kurera spedbarn som blir fødde med hiv-viruset med standard hiv-medisinar, melder NTB.

Frå før kjenner ein berre til eitt tilfelle der ein hivsmitta er kurert, då ein amerikanar i Berlin blei frisk etter ein ryggmergtransplantasjon for å kurera leukemi.

I det nye tilfellet vart den vesle jenta kurert utan andre medisinar enn vanlege hiv-medisinar for å bli kvitt viruset. Forskjellen var at ho fekk ein større dose medisinar enn vanleg, og at behandlinga starta mindre enn 30 timar etter fødselen, lenge før det låg føre ein positiv diagnose. Men fordi mora var hivsmitta var det sannsynleg at dottera ville vera hiv-positiv. Jenta er no to og eit halvt år gammal. Ho har ikkje fått medisin på eitt år og viser ingen teikn på sjukdommen. Forskarane må gjennomføra fleire testar for å kunne fastslå om behandlinga kan fungera på andre barn, men førebelse resultat tyder på at ein kan ha funne ein effektiv kur for barn som er hivsmitta.

Les intervju med hiv-smitta i Noreg!