Avskoginga aukar kraftig i Amazonas

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Mellom august i fjor og juni i år forsvann over 1.800 kvadratkilometer med regnskog i Amazonas, ein auke på dryge 100 prosent frå same føregåande periode, går det fram av ein rapport frå miljøorganisasjonen Imazon.

Berre i juni vart det rydda 184 kvadratkilometer regnskog i Amazonas, og det var heile 437 prosent meir enn i same månad i fjor.

LES OGSÅ: Ambisiøs handling, ikkje fagre ord

Hogsten er størst i den nordlege delstaten Pará og i den sentralvestlege delstaten Mato Grosso, går det fram av rapporten.

Kritiserer skoglov
Imazon peiker på at auken kjem som følgje av den nye skoglova i Brasil, som opnar for rydding av elvebreidder og åssider som tidlegare var verna for hogst.

– Skoglova sender eit feil signal om at ein lèt att auga for tidlegare avskoging, og både regjeringa og nasjonalforsamlinga gir uttrykk for at reglane no er mindre strenge, seier Adalberto Verissimo i Imazon.

– Faren er at vi endå ein gong mister kontrollen over avskoginga i Amazonas, som hadde bremsa opp, seier han.

Norsk støtte
30 prosent av regnskogen som er att i verda er å finne i Brasil, som også står for dei fjerde største utsleppa av CO2 i verda. Om lag tre firedelar av utsleppa kjem av avskoging.

Noreg har lova å bidra med opptil 6 milliardar kroner til det såkalla Amazonas-fondet som skal bidra med pengar til kampen mot avskoging.

Utbetalingane frå Noreg føreset at avskoginga bremsar opp. 

LES OGSÅ: Heilgrøne Hanna