Angrar ikkje på beintøft studieval

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Angrar ikkje på beintøft val

Artikkelen var først i Avisa Nordhordland.

I 1992 var Frank Mohn og Rolls-Royce med å etablere den heilt nye linja på yrkesskulen i Knarvik. Det har vist seg å vera stor suksess, og no vert tilbodet utvida ytterlegare. 

Då Sigve Gjerstad skulle velje studieretning, visste han knapt nok kva Frank Mohn var. 

LES OGSÅ: Fleire elevar fullfører yrkesfag

– Eg følgde eit råd eg fekk på ungdomsskulen, og kom etter kvart inn på den nyopna linja. På Frank Mohn vart det jobbing ved sidan av eit tøft studieløp, før eg enda opp med både fagbrev og studiekompetanse, seier Gjerstad. Etter fullført TAF-løp fortsette han på skule og tok etter kvart mastergrad, før han kom tilbake til bedrifta. No er Gjerstad leiar for alle ingeniørane på Frank Mohn Flatøy.

LES OGSÅ: Caroline tok det rette valet

Godt opplegg
Marius Vågenes Villanger (17) går andre året på TAF TIP (Teknisk Industriell Produksjon), og har læretida på Flatøy. 

– Det er utruleg godt opplegg, og eg har ikkje angra eit sekund på at eg tok dette valet, seier han. 

– Skulen har eit veldig godt rykte på seg, og mange vurderer å søke seg hit. Eg fann ut at dette var noko eg kunne tenke meg, sende inn søknad og kom vidare til intervju.

For her er det forskjellige aspekter som er med å avgjer om ein får plass. 

– Du må først og fremst ha gode karakterar. Går du vidare til intervju så stiller du med blanke ark. Då går det på person, om ein verkar som riktig kandidat, seier Villanger. 

– Det er begrensa med plassar, så det gjeld å gjere seg nemnde, legg Gjerstad til. 
LES OGSÅ: – Vil slå alle rekordar

Student med lønn
Det at elevane får lønn under studietida er for Villanger mindre viktig informasjon.

– Om du vel denne linja berre for at ein får pengar samtidig som ein går på skule, ja då trur eg du kjem til å slita med å fullføra, seier han. 

– Du må vera topp motivert og villig til å sette skulen føre kompisar i denne perioden.

– Men når det er sagt, det er fint å koma tidleg ut i arbeidslivet, og sjå kva det handlar om. Eg lærer mykje av mine vaksne kollegaer. Og før eller seinare må jo alle ut i arbeidslivet, med berre fem veker ferie og lange dagar, seier han.

LES OGSÅ: Opnar ny TAF-linje i Knarvik

Faktaboks

TAF står for Teknisk Allmenne Fag

Det er ei utdanning på fire år, som gir deg studiekompetanse og fagbrev

Du får lønn som praktikant under utdanninga, men dei fire åra er veldig intensive