Aktiv på festival

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fleire spreke festivalar

– Me får tilbakemeldingar frå folk frå Florø om at når dei ser videoane frå festivalen vert dei stolte av byen og naturen rundt. Folk i Florø har nok fått eit hjarte for denne festivalen, trur festivalsjef for Våt Moro, Fredrik Johan Helland.

Det er ikkje berre musikk som kan tilferdsstilla sansane på festival. Det er ein festival for alt som kan nytast: film, litteratur, poesi, mat, kjøtt, fisk, øl, vin, dokketeater, topptur og vassport.

LES OGSÅ: – Festivalar skapar stoltheit

Til vanns og til lands
Tysdag vart programmet for den tredje Våt Moro-leikane i Florø sleppt. Frå 9.-13. juli kan folk sjå utover den alt anna enn stille sjøen ved vestlandsbyen. Der kan ein sjå – eller prøve – havrafting, fyrsafari, dykking, wakeboard, vasski, tube, segling, stand up paddeling og flyboard. Sistnemnde, der ein person fyk over vatnet ved hjelp av vatnslangar er ein spesielt stor publikumssuksess.

Festivalen er inspirert av Fjellsportfestivalen, som sidan 2008 har vorte arrangert årleg av Sogndalsbedrifta Bratt Moro. Her er det vinteraktivitetar som står på programmet, medan dei i Florø satsar på å syne fram kva sommarvatnet har å by på.

– Me er stolt av naturområda våre og vil syne fram dei ulike aktivitetane ein kan drive med, fortel Helland.

Målgruppa er både garva ekstremsportutøvrarar og mannen i gata. Festivalen legg til rette for at dykkeklubben, klatrarar og kajakkpadlarar kan syne fram sine aktivitetar. Logistikk og koordinering av aktivitetar, som krev både folk med kompetanse og eigna område så sentrumsnært som mogleg, er den største utfordringa med denne typen festivalar, forklarar Helland.

– På ein festival med denne typen aktivitetar er det òg viktig med skikkeleg sikkerheit og beredskap, legg festivalsjefen til.

På Våt Moro tel ein deltakarar ikkje publikummarar, sjølv om desse òg er ein viktig del av festivalen og folkelivet det skapar. I fjor selde dei kring 450 aktivitetsplassar og 1200 konsertbillettar til i alt fire konsertar. Festivalsjefen vonar på like mange deltakarar i år.

LES OGSÅ: Vil stogge basehopp på Ekstremsportveko

Trendy aktivitet
Stian Stensland er leiar for forsking og utdanning i naturbasert reiselivved Norges miljø og biovitskapelege universitet (NMBU). Han har registrert ei auke i festivalar med fokus på aktivitet i naturen.

– Det er på ein måte ei fortsetjing av konseptet med musikkfestivalar, berre at ein samlast rundt aktivitetar saman. Det er trendy å vere i aktivitet – eller i alle fall gje eit inntrykk av at ein er det, seier Stensland.

Han ser den same tendensen i turismen der naturbasert turisme tilbyr opplevingar der ein deltek i større grad enn å berre sjå.

Ekstremsportveko er ein stor og veletablert aktivitetsfestival. Fjellfilmfestivalen har gjort det same med film og fjell. I tillegg har ein eit lass av små fiskefestivalar og andre aktivitetsfestivalar som vender seg mest mot lokalsamfunnet.

 – Desse har ein viktig misjon i å bitte saman bygda, men kan òg lokke til seg nokre tilreisande. Det er tre typar verdiskaping, økonomi, miljø og kultur, meiner Stensland.

LES OGSÅ: – Ekstremt unytta potensial

Saka fortset under biletet.


I fjor kosa deltakarane på Våt Moro seg både i elv og sjø. Foto: Cecilie Eikås Nygård/ Våt Moro

Dei fire store
Festivalforskar og førsteamanuensis ved Høgskulen i Nord-Trøndelag Anne Wally Ryan forklarar at me dei siste 20 åra har sett ei stor auke i talet på festivalar i Vesten, både store og små. Ho trur at me i Noreg har nådd eit mettingspunkt når det gjeld talet på festivalar.

– Det betyr ikkje at festivalfenomenet har missa sin popularitet, men det er publikum som gjer ein festival levande. Festivalen som hending er dynamisk, og når arrangørane eller publikum innser at dei ikkje lenger har behov for møteplassen går han over til å vere ei minnerik hending. Poenget er at det er avgrensa kor mange slike møteplassar eit lite lokalsamfunn har behov for, meiner Ryan. 

Men nokre festivalar står trygt. Ekstremsportveko på Voss har vorte arrangert sidan 1998 og trekk no årleg til seg 1200 deltakarar og 20.000 publikummarar.

– Festivalmarknaden er ein heilt annan i dag enn då me starta. No er det jo nesten slik at kvar bygd har sin festival, seier festivalsjef på Ekstremsportveko Sofie Torlei Olsen, som ikkje ser på den auka konkurransen som ein uting.

Sidan første Ekstremsportveko har aktivitetstilbodet tilpassa folk som ikkje er ekstremsportutøvarar vorte utvida mykje.

Festivalsjefen er ikkje i tvil om at festivalen har hatt mykje å seie for bygda deira.

– Voss har vorte kjent som ei arrangørbygd med både Ekstremsportveko, Vossajazzen, Vossacup og Osafestivalen.

LES OGSÅ: – Bruk festivalane meir

Fleire til topps
High Camp er ein anna frisk festival, som har arbeidd seg opp eit godt namn. Toppturfestivalen High Camp vart arrangert av sportsmagasinet Fri Flyt på Turtagrø i Jotunheimen for første gong i 2001. No arrangerer dei årleg High Camp på Lyngen og i Hemsedal, i tillegg til den originale festivalen på Turtagrø, som går av stabelen denne helga.

Festivalsjef Eyvind Setrom har inntrykk av at det vert stadig fleire festivalar som har det same tilbodet som dei.

– Eg trur det er fordi topptur vert meir og meir populært blant vanlege folk. Tidlegare har me hatt flest deltakarar som har gått mykje på topptur før, men no er det fleire som gjerne vil prøve seg for første gong, seier festivalsjefen, som er glad for at enno fleire får augo opp for sporten.

I dag er Setrom og ein gjeng frivillige på plass på Turtagrø, der dei er klare for å ta imot dei 530 påmeldte deltakarane, som skal nyte samvær i fjellheimen heile helga.

For nybyrjarane er det lagt opp til foredrag og at ein kan låne utstyr.

Dei siste 5-6 åra har det ikkje vore problem å fylle opp talet på plassar, som er mangedobla sidan starten. Stadig fleire vil delta på festival.


Dette gjorde deltakarane på High Camp på Turtagrø ifjor. Foto: Bård Basberg/ High Camp

Faktaboks

Nokre friske festivalar:

High Camp, Turtagrø 8.-11. mai

Toppturfestivalen Svalbard, 29. mai -1. juni

Ekstremsportveko, Voss 22.-29. juni

Norsk fjellfestival, Romsdalen 6.-13. juli

Våt Moro, Florø 9.-13.juli

Fjellsportfestivalen, Sogndal 19.-22. februar 2015

X2, Volda, april 2015