Candy Dungan (33) var ei av verdas beste longboard-utøvarar då ho hamna i ei ulukke og vart lam. No ønsker ho å vise at ei funksjonsnedsetting ikkje treng å stogge deg frå å gjere det du vil.

Signe Gjeraker
Publisert

 – Skilnaden no er at eg før ulukka berre ville køyrd av garde. Eg var nok litt uforsiktig. I dag tek eg heller nokre rolege turar fyrst. Sjølv om eg vert gira så klarar eg å tenke: skate trygt, skate ein dag til.

Framtida.no møter Candy Dungan (33) før finalen i longboard under Ekstremsportveko på Voss. Ho har reist heile vegen frå Denver, Colorado i USA saman med partnaren sin Aaron Hampshire for å delta i sporten ho elskar, under verdas største ekstremsportfestival. Ho skal delta i den tilpassa klassen, klassen for dei med noko funksjonsnedsetting, og gler seg veldig. Vegen til festivalen og konkurranse har likevel ikkje vore enkel.

Candy Dungan (33). | Foto: Signe Gjeraker

Som 27-åring var Candy i ei stygg ulukke under ei trening til VM i longboarding. Ho vart lam og tenkte ikkje at det lenger ville vere mogleg å konkurrere lenger. Det fanst ikkje brett tilpassa utøvarar med nedsett funksjonsevne, og det var difor ingen som dreiv med det og heller ingen konkurransar å delta i.

– Om ikkje vegen allereie finst, så handlar det om å lage han sjølv, seier Candy.

Og å lage sin eigen veg har Candy gjort.

Frå snowboard til longboard

Me spolar tilbake til starten på 90-talet i USA, Colorado. Candy veks opp med ei mamma som er snowboard-instruktør, og startar tidleg karrieren sin som snowboardutøvar. Då ho var berre ni år gamal og deltok i konkurransar, var ho så god at dei rundt ho trudde ho var tenåring, for korleis kunne ein niåring vere så god?

Men god var ho, og ho elska sporten.

Ein sommar då Candy klaga til ein ven over at ho kjeda seg, fekk ho beskjed om å låne eit longboard og å ikkje kome tilbake før ho var ferdig med å klage. Ho gjorde som ho fekk beskjed om, og vart ute resten av dagen med det nye brettet.

– Eg elska det. Eg tenkte: det er dette eg skal gjere!

22 år gamal flytta ho til Denver, Colorado, for å drive med snowboard. Då ho kom dit innsåg ho derimot raskt at det var i det inkluderande longboard-miljøet ho høyrde heime, og at det var brett med hjul ho likte aller best.

I sin fyrste store konkurranse kom ho på andreplass. Den einaste som slo ho var Emily Pross, kvinna som var sju gongar verdsmeister.

– Eg var nybyrjar, rett ut frå døra. Så det var ein wow-augneblink, og eg tenkte at dette må eg gjere meir av.

Ho deltok i VM og fekk fjerdeplass, med små marginar frå å vinne bronse. Ho vart revansjelysten, og i 2018 gjer ho seg klar for sitt andre VM.

Ei veke før avreise til meisterskapen går det gale.

Berekna ein skummel sving feil

Candy var saman med ei gruppe vener for å øve i ein ny bakke. Bakken var svingete, veldig bratt, og smal. Det var kaldt i lufta og det låg snø og is utanfor vegen. Området rundt var prega av bratt terreng med klipper, steinveggar og ei elv som rann forbi.

Candy tenkjer å ta det heilt med ro nedover, men då ho plutseleg ser at ho held på å ta igjen venene framfor ho, vert ho gira på å nå dei att. Ho bestemmer seg for å ta ein rask sving. Men svingen er for krapp. Candy bereknar feil og har for stor fart med seg inn i svingen. Ho forstår med eitt at det kjem til å gå gale.

Candy treff autovernet og høyrer at det knekk i ryggen. Men autovernet klarar ikkje fange Candy, og ho vert kasta ut av vegen og utfor ei klippe. Ho rullar nedover ei bratt side til ho til slutt klarar å få tak i ein busk. Ho var då rulla så langt vekk frå vegen at følget hennar ikkje klarte å sjå ho då dei starta å leite.

– Eg kunne sjå bilen køyre forbi oppe på vegen, men dei kunne ikkje sjå meg, fortel Candy.

Ein hanske vart redninga

Ho bestemte seg for å ta av seg ein hanske og kaste den opp i vegen. Den landar framfor ein lastebil som stoggar. To menn kjem ut og får auge på Candy. Ein av dei kjem seg ned til ho, medan den andre køyrer vidare for å forsøke å få dekning slik at dei kan ringe etter hjelp. Det var då gått ein halvtime sidan ulukka skjedde. Etter kvart kjem òg følget hennar ned vegen, og får auge på Candy og mannen.

Partnaren hennar, Aaron, som òg er med på turen, kjem seg ned til ho og blir ved ho gjennom det heile.

– Det var veldig fint, seier Candy.

Livet vart brått endra

På sjukehuset fekk Candy beskjeden ingen ønsker å høyre. Ryggen var broten, og ho kom aldri til å kunne gå igjen.

– Då sa eg at dei var dumme, seier ho lattermildt.

Candy fortel at ho i dag klarar å gå innimellom – med hjelp av ein rullator og bøylar rundt anklane. Ho trenar hardt, og får stadig meir kjensle tilbake.

Midt oppi alt hadde Candy hatt flaks. Ho hadde på seg ryggbeskyttar, noko som redda livet hennar. Ho hadde krasja like ved ein høg murvegg. Hadde ho treft den, ville det gått verkeleg gale. Og når ho endeleg landar, stoggar ho berre nokre meter frå ei elv som kunne gjort alt mykje verre.

Trass flaks var livet til Candy alvorleg endra. Plutseleg var framtida vanskeleg å sjå for seg. Det var usikkert og skummelt.

Candy under opptreninga si. Tidleg etter ulukka var det vanskeleg å sitte oppreist slik ho øver på her. I dag er ikkje dette ei utfordring i det heile. | Foto: privat
Under tidleg opptrening klarte Candy berre å stå oppreist ved å bruke ein slik ståheis. I dag klarar ho det sam ved å bruke rullator og ankelskinner. | Foto: privat
I dag klarar Dungan å stå oppreist på knea sine. Like etter ulukka var dette utenkeleg. | Foto: privat
Candy Dungan og Aaron Hampshire saman med katten deira heime i Denver, Colorado. | Foto: privat

Tilbake på longboard

Etter to månadar på sjukehuset føreslo ein ven at han skulle lage eit tilpassa brett til Candy, slik at ho kunne halde fram med sporten ho elska. Men på dette tidspunktet kjente Candy seg framleis ikkje som seg sjølv, ho vart redd av tanken, og var ikkje overtydd.

Men då det var gått eit år sidan ulukka, fekk ho meir og meir overskot. Ho kjente seg klar og tok med seg det heimelaga og tilpassa brettet sitt ut.

– Det var heilt fantastisk, fortel ho oppglødd.

– Var du redd? 

– Ja, absolutt. Eg var kjemperedd, seier Candy. Men sporten var ein del av ho, så ho måtte tilbake.

Når Candy no måtte finne ut av korleis livet hennar skulle vere, ønskte ho at longboard framleis skulle vere ein del av det. Ho måtte berre finne ut korleis.

Arrangerte tilrettelagt konkurranse

Ho vart med i styret i ein internasjonal longboardkonkurranse. Slik kunne ho framleis vere ein del av sporten og fellesskapet. Medan ho hadde dette vervet tok ho initiativ til å arrangere den fyrste longboard-konkurransen for ein tilpassa klasse i verda i USA.

– Eg grein då eg såg dei køyre. Men eg jobba, så eg fekk ikkje vere med, noko som sjølvsagt var litt dumt, fortel ho.

Men den fyrste tilpassa konkurransen var arrangert, og med dette var eit frø planta blant andre konkurranse-arrangørar. Fleire tok kontakt og lurte på korleis dei kunne arrangere konkurransar for menneske med funksjonsnedsettingar.

Ein av dei som tok kontakt var Einar Kvam ved Ekstremsportveko. Etter at utøvaren, og no konkurrenten til Candy, Ellen Knutsen, sette utfor konkurranseløypa i rullestol i 2019, ønskte festivalen no å arrangere ein eigen tilpassa-klasse for longboard. Han tok kontakt og sa at dersom ho ville kome til Voss og delta, så ville dei arrangere konkurransen.

Det kunne ikkje Candy seie nei til, og ho stiller på startstreken for fyrste gong etter ulukka sommaren 2022.

I dag er Candy instruktør og trenar for andre som ønsker å prøve tilrettelagt longboard-køyring, ein jobb som gir ho mykje glede. I tillegg starta ho i år sin eigen velgjerande organisasjon, «Downhill Revival». Med denne ønsker ho å arbeide fram gode løysingar for å kunne drive sporten med funksjonsnedsetting. Ho vil òg gjerne kunne tilby instruktør-timar til andre som ønsker å prøve longboard på ein tilrettelagt måte. Målet er vidare å kunne gi dei som ønsker å starte med sporten sitt eige utstyr, og å motivere dei til å delta i konkurransar. Slik vil det kunne bli miljø og nok deltakarar til å halde den tilpassa klassen i live.

Candy køyrer aldri utan at ryggbeskyttaren er på. | Foto: Signe Gjeraker
Candy får hjelp av partnaren hennar, Erin, med å få på seg drakta hennar. Longboard-drakter er vanlegvis vanskelege å få på seg, men Candy har fått laga ei sjølvtilpassa drakt med glidelåsar til beina, slik at drakta er enklare for ho å ta på seg. | Foto: Signe Gjeraker
Systera til Candy har måla hjelmen hennar som ein leopard- matchande til drakta. | Foto: Signe Gjeraker
For å sørge for at beina ikkje hamnar feil og legg vekt på brettet feil under køyringa, knyter ho beina fast i kvarandre slik at dei ligg samla. Men ho passar på at beina ikkje er festa i brettet. - Dersom eg krasjar vil eg ikkje henge fast i brettet, fortel Candy. | Foto: Signe Gjeraker
Konkurransestarten nærmer seg. Candy gjer seg klar saman med nokre av dei andre longboard-utøvarane. | Foto: Signe Gjeraker

På Voss nærmar konkurransen seg. Det er totalt tre deltakarar i den tilpassa klassen, alle saman jenter. Carina Morken ligg på eit liggebrett, Ellen Knutzen køyrer i rullestolen sin ned bakken, og Candy nyttar seg av det eigenutvikla brettet sitt.

– Dette er tredje året mitt. Eg var her fyrste gongen, og etter det kan eg berre ikkje få nok, fortel Candy entusiastisk.

Kjensleladd å vere med å konkurrere

Kva betyr det for deg å vere her? 

Candy får tårer i auga og brukar tid før ho svarar:

– Det betyr at eg framleis er meg og at eg ikkje mista livet mitt til skaden min.

Ho fortel at situasjonen då ho fekk vite at ho aldri kom til å kunne gå igjen, var skramande. Då ho fekk beskjeden, var det store sprøsmålet korleis livet no kom til å sjå ut.

– Så å vere her og konkurrere, og å ha folk å konkurrere mot, å ha eit tilpassa og tilgjengelege arrangement som dette å gå til, å kunne delta på konsertar på kveldane og å danse med venane mine, gjere alt det eg gjorde før, og meir til, det betyr veldig mykje, seier ho tydeleg rørt.

For Candy er Ekstremsportveko den gongen i året der ho ser kor mykje ho framleis kan gjere, og kor mykje liv ho har å leve. Ho er stolt av korleis ho er komen tilbake og kor mykje ho får til, men slår fast at det ligg ein gruppeinnsats bak. Særleg vil ho takke festivalen som lagar eit inkluderande arrangement.

– Kvart år ønsker dei å gjere meir for å inkludere oss, seier ho rørt, og trekk fram at nytt i år er ei eiga oppheva scene for dei som sit i rullestol i konsertlokalet, slik at dei òg kan sjå kva som skjer på scena.

– Ein inspirasjon for andre

Ansvarleg for longboard-konkurransane under Ekstremsportveko, Einar Kvam, seier over telefon til Framtida at Candy betyr mykje for sporten.

– Ho er ein inspirasjon for dei som sit heime og tenker at det er umogleg. Ho viser kva som faktisk er mogleg.

Han seier vidare at Candy i tillegg er ei dyktig og ressurssterk kvinne med mykje kunnskap. Ho er alltid med på å dra lasset og kjem med innspel på kva som må gjerast og korleis ting kan gjerast.

Før konkurransen startar, er målet til Candy klart: ho vil gjere det betre enn i fjor.

– Og så vil eg vise at det tilpassa brettet kan gjere alt det same som dei vanlege bretta kan. Tidene mine no ligg heilt likt med dei andre skatarane, utanom dei aller beste og mest profesjonelle, vel å merke.

Candy køyrer godt, og vinn klassen hennar. Og best av alt: tida er mykje betre enn i fjor.