Vil stogge basehopp på Ekstremsportveko
Ordførar Noralv Distad i Aurland kommune vil ikkje lenger gi dispensasjon til helikopter som flyr basehopparar under Ekstremsportveko på Voss. Årsaka er frykt for nye ulukker.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Vil stogge basehopp
Etter 16 år med basehopp i Gudvangen under arrangementet Ekstremsportveko ønskjer ordføraren no å hindre fleire hopp.
– Utviklinga i denne sporten dei siste åra har vore negativ. Det har vore fleire ulukker, og vi er urolege for utviklinga og veldig skeptisk til auka aktivitet med basehopping og liknande aktivitetar, seier Distad til NRK.
På litt over ein månad i fjor haust enda tre ulike basehopp i Gudvangen i tragedie, der tre menn omkom.
Pernille Olafsen i Ekstremsportveko synest det er trist dersom dei får avslag på søknaden om å bruke helikopter. Ho meiner arrangementet er med på å gjere basehopping tryggare, og viser til ein knekt fot på skadestatistikken på dei 16 åra det har vorte hoppa i Gudvangen under Veko. (©NPK)
Les fleire ekstremsportsaker her!