– Om vi skal lukkast med å ta vare på naturen si helse, mennesket sine levekår og framtida til planeten, treng vi ei avtale som er ambisiøs, forpliktande og kjem raskt på plass, sier generalsekretær Solhjell til WWF.no.
WWF etterlyser Paris-avtale for å redde mangfaldet på kloden.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Menneskeslekta har utrydda 60 prosent av jordas pattedyr, fuglar, fisk, amfibium og reptil sidan 1970, syner rapporten Living Planet Report frå Verdas Naturfond (WWF).
Generalsekretær i WWF Norge, Bård Vegar Solhjell, etterlyser konkret handling.
– Vi treng ein global handlingsplan for naturen, sånn som vi har for klimaet gjennom Parisavtala. Og den må heile verda forplikte seg til, seier generalsekretæren til NRK.
Kor mykje kan du om berekraft? Ta quizen her!
– Grunn til å vere bekymra
Living Planet Report er ein rapport som har vorte publisert annakvart år sidan 1998. Forskarane bak denne siste rapporten har overvåka nesten 17 000 bestandar av 4000 artar.
Tapet av artsmangfald er størst i tropiske strok, og i Mellom- og Sør-Amerika er nedgangen på heile 89 prosent sidan 1970.
– Når vi ser utviklinga i det lange løpet så er det grunn til å vere bekymra, seier Solhjell i Nyheitsmorgon.
Endå klimaendringane er ein aukande trussel mot dyrelivet, så slår rapporten fast at nedgangen i biodiversitet fremst er skulda rovdrift av artane, jordbruk og omgjering av nye landområde. Naturen får stadig mindre areal å boltre seg på.
Sjå også informasjonsvideoen frå Verdas Naturfond (engelsk):
https://www.youtube.com/watch?time_continue=102&v=_Hy4WVtKs28
Langvarige følgjer
Rapporten syner at nesten 20 prosent av Amazonasregnskogen har forsvunne iløpet av 50 år, og utstrekninga av mangroveskog har gått ned med mellom 30 og 50 prosent.
Kring halvparten av korallreva er tapt på berre 30 år, og om ein held fram som før kan 90 prosent av verdas korallrev vere vekke innan 2050.
I midten av oktober skreiv The Guardian om ein ny forskingsrapport publisert i Proceedings of the National Academy of Sciences som estimerte at over 300 pattedyrartar har vorte utrydda av menneskeleg aktivitet. Dei gjenverande pattedyrartane kjem til å trenge 5-7 millionar år for å igjen utvikle det artsmangfaldet som eksisterte før menneske kom til.
Les også: Ny forsking: Klimakrise for korallreva
Vindauget for å handle er no
I 2020 skal dei 196 landa som har skrive under Konvensjonen om biologisk mangfald møtast.
Då skal dei vurdere kor vidt dei har nådd måla dei sette seg i 2010. Hovudmålet var då:
«Effektiv og umiddelbar handling for å stanse tapet av biologisk mangfald for å sikre at økosystema i 2020 er robuste og leverer livsviktige økosystemtenester til folk, og derved tek vare på livsvariasjonen til kloden og bidreg til menneskeleg utvikling og velferd og til å nedkjempe fattigdom»
Status i 2016 var at landa ikkje hadde nådd så langt dei burde.
I Living Planet Report står det at i 2020 er då «verda verkeleg må vise vegen vi vel for folket og planeten. I dag har vi framleis eit val.»
WWF krev no at tapet av natur må setjast på toppen av den politiske dagsordenen, både internasjonalt og i Noreg.