logo-framtida Nyhende- og debattavisa for unge
MENYLUKK
  • Samfunn
  • Kultur
  • Skule og jobb
  • Natur og miljø
  • Magasinett
  • Quiz
  • Meining
  • Om oss
  • Skribentar
  • Nettstadskart
  • Nyhendebrev
  • Tema
TIPS OSS
  • Samfunn
  • Kultur
  • Skule og jobb
  • Natur og miljø
  • Magasinett
  • Quiz
  • Meining
TIPS OSS
For kvar hundrelapp ein mann tener i Noreg, tener kvinner 87 kroner. Det betyr at kvinner frå omtrent på denne tida og ut året jobbar «gratis» samanlikna med menn. Biletet er frå 8. mars-markeringa på Youngstorget i fjor. Foto: Berit Roald / NTB scanpix / NPK

Frå no jobbar kvinner «gratis» resten av året

Dei siste månadene av året jobbar kvinner ulønt samanlikna med menn. SV vil innføre ei islandsk likelønnslov for å tette lønnsgapet.

Nynorsk Pressekontor
Publisert 24.10.2018 09:10

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Onsdag arrangerer fagrørsla likelønsaksjonar fleire stader i Noreg for å markere at norske kvinner frå omtrent på denne tida jobbar gratis ut året.

I Noreg tener kvinner i snitt 87 kroner for kvar hundrelapp ein mann tener, ifølgje lønnsoversynet frå Statistisk sentralbyrå (SSB) frå 8. mars i år.

No krev SV nye tiltak for å jamne ut lønnsforskjellane.

– Viss vi held fram i det same tempoet som dei siste åtte åra, får vi ikkje likelønn før om minst 40 år. Det viser at regjeringa manglar ein aktiv likestillingspolitikk, seier SVs stortingsrepresentant Freddy André Øvstegård til NTB.

Les også: Tarana Burke, kvinna bak #metoo

Krev tiltak

SV nyttar aksjonsdagen til å foreslå to nye likelønnsforslag: Det første er at Noreg må vedta likelønnsreglar etter islandsk modell.

– Island har gått føre og vedteke ein likelønnsstandard der bedriftene må dokumentere at arbeid av lik verdi blir likt betalt, viss ikkje blir får dei bøter. Vi foreslår islandsk likelønnsstandard på norsk, seier Øvstegård.

SV foreslår vidare ein likelønns-pott til dei kvinnedominerte yrka i offentleg sektor og dessutan tiltak for meir heiltid og motverking av ein kjønnsdelt arbeidsmarknad.

– Vi treng ein likelønns-pott i offentleg sektor, fordi dei største lønnsforskjellane i dag går på tvers av arbeidsmarknaden og ikkje i kvar enkelt bedrift. Vi ber regjeringa samarbeide med partane i arbeidslivet om eit lønnsløft for kvinner i offentleg sektor innan 1. oktober neste år, seier Øvstegård.

Som ein del av aksjonen byter fleire personar framsidebilete sitt på Facebook til denne 87-kroners setelen. Foto: Likelønnsaksjonen på Facebook.

Les også: Guten som slåst for jenters rettar

Flyttar bevisbyrda

Island er det første landet i verda som har lovpålagt arbeidsgivarane å sikre lik lønn for kvinner og menn for arbeid av lik verdi. Sjølve verdivurderinga blir gjort internt på arbeidsplassane etter fire kriterium: kompetanse, ansvar, innsats og arbeidsmiljø. Sertifiseringa og kontrollen blir gjort av eksterne og brot på lova kan straffast med bøter.

– Island har med dette flytta bevisbyrda over på arbeidsgivaren. Ulik lønn for likt arbeid er ulovleg i Noreg òg, men her er det opp til kvar tilsett å bevise at lønnsforskjellar kjem av diskriminering, seier Øvstegård.

Les også: Den globale likestillinga går bakover

  • SAMFUNN
  • SKULE OG JOBB
  • Likeløn
  • likestilling
Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Relaterte saker

Regjeringa vil styrkje rettane til folk med funksjonsnedsetjing

Taliban forbyr vindauge mot stader der kvinner oppheld seg

Iran innfører strengare morallover for kvinner

Framtida logo

Nyhende- og debattavisa for unge – Framtida.no er ei redaksjonelt uavhengig avis, som har som mål å styrkja nynorsken og bidra til å auka og få fram engasjementet til unge.

Ansvarleg redaktør: Andrea Rygg Nøttveit

Stortorvet 10, 0155 Oslo.

Ved å bruka Framtida.no aksepterer du bruk av informasjonskapslar. Les meir om personvernpolitikken vår.

  • Samfunn
  • Kultur
  • Skule og jobb
  • Natur og miljø
  • Magasinett
  • Quiz
  • Meining
  • Om oss
  • Skribentar
  • Nettstadskart
  • Nyhendebrev
  • Tema

Følg

Tips
Send epost til
tips@framtida.no
eller ring redaktør
Andrea Rygg Nøttveit:
481 40 342

Takk for støtta:

  • logo-fagforbundet
  • logo-abc-startsiden
  • logo-lnk
Me bruker cookies og andre tekniske løysingar for å forbetra opplevinga di av nettstaden vår, analysera bruksmønster og levera relevante annonser. I den oppdaterte personvernerklæringa vår kan du lesa meir om kva for informasjon me samlar inn og korleis denne blir brukt. Les meir! Ok, eg forstår
Privacy & Cookies Policy

Privacy Overview

This website uses cookies to improve your experience while you navigate through the website. Out of these cookies, the cookies that are categorized as necessary are stored on your browser as they are essential for the working of basic functionalities of the website. We also use third-party cookies that help us analyze and understand how you use this website. These cookies will be stored in your browser only with your consent. You also have the option to opt-out of these cookies. But opting out of some of these cookies may have an effect on your browsing experience.
Necessary
Always Enabled
Necessary cookies are absolutely essential for the website to function properly. This category only includes cookies that ensures basic functionalities and security features of the website. These cookies do not store any personal information.
Non-necessary
Any cookies that may not be particularly necessary for the website to function and is used specifically to collect user personal data via analytics, ads, other embedded contents are termed as non-necessary cookies. It is mandatory to procure user consent prior to running these cookies on your website.
SAVE & ACCEPT