Undersøking: Ein av tre droppar tannlegen grunna kostnaden
Ein av tre nordmenn enten utset eller lèt vere å gå til tannlegen av økonomiske årsaker, ifølgje ei ny undersøking.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Spørjeundersøkinga er utført av Opinion for FriFagbevegelse.no og Dagsavisen. Blant dei som oppgir ei årsinntekt under 300.000, svarar nesten halvparten at dei enten har utsett eller latt vere å gå til tannlegen av økonomiske årsaker.
Det offentlege bør ta ansvar
Dekan og professor Pål Barkvoll ved Det odontologiske fakultet ved Universitetet i Oslo meiner folketrygda burde dekke ein større del av utgiftene.
– Det er dyrt å gå til tannlege i dag. Det er ingen tvil om det. Det er også store kostnadar knytt opp mot å drive ein tannlegepraksis. Det offentlege bør ta eit større ansvar for utgiftene til nødvendig tannlegebehandling, seier Barkvoll til FriFagbevegelse.no.
Undersøkinga vart gjennomført mellom 9. og 15. oktober og 1.003 personar deltok. Til saman svarar 33 prosent at dei enten har utsett eller latt vere å gå til tannlege av økonomiske årsaker. I tillegg opplyser 14 prosent at dei har måtta ta opp lån for å kunne gjennomføre nødvendig tannbehandling.
Les også: Dette kan skade tennene