Trening kan gje syreskadde tenner

Fire av ti 18-åringar har syreskadar på tennene. Blant fysisk aktive er talet over seks av ti.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dette kan skade tennene

38 prosent av norske 18-åringar har syreskadar på tennene. Blant dei som er fysisk aktive har 64 prosent dette problemet. Det syner ei undersøking frå Det odontologiske fakultet ved Universitetet i Oslo.

– Våre tannlegar rapporterer om langt fleire syreskadar i dag enn for 10 -15 år sidan, særleg blant yngre og hjå fysisk aktive, fortel Camilla Hansen Steinum, president i Den norske tannlegeforening i ei pressemelding.

LES OGSÅ: Tannsjokk for ungdom

Mindre hol, meir syreskadar
I dag, 20. mars er verdas tannhelsedag, ein god grunn til å tenkje to gonger igjennom kva du utset tennene dine for dagleg.

Dei siste 50 åra har talet på hol i norske tenner gått kraftig ned, som følgje av aktivt førebyggingsarbeid.

No åtvarar Den norske tannlegeforening mot ei anna uheldig trend: Som følgje av mellom anna nye drikkevanar, er det fleire som får til dels omfattande syreskadar på tennene.

– Mange unge, og særleg dei som er fysisk aktive, veit ikkje at brus, frukt- og sportsdrikker lett gjev syreskadar på tennene. Dei er oppteken av ein sunn kropp og kvite tenner, men gløymer risikoen for syreskadar, seier Steinum.

LES OGSÅ: Tannlegen avslører snusing

Tørre i munnen
Kariolog ved Universitetet i Oslo Anne Bjørg Tveit, peikar på ein annan grunn til at spreke ungdommar synast til å vere meir utsett for syreskadar:

– Det har ein samanheng med at dei som trener mykje blir tørrare i munnen. Dei har altså mindre spytt. Spyttet reparerer skadar i tennene. Difor kan dei som trener kanskje få lettare syreskadar, seier ho til VG.

Ho er òg uroa for den aukande trenda med syrehaldige drikker.

100 liter brus årleg
Drikk du brus eller sure drikker ofte, er tennene under stadige syreangrep, og du kan utvikle syreskadar. Syra fører til at emaljen går i oppløysing, og tennene mister sin opphavlege form. Forsvinn emaljen får ein ofte problem med ising i tennene når ein drikk varmt eller kaldt.

Ungdom er verst når det kjem til inntak av drikker med høgt syreinnhald. Ei fersk omnibusundersøking gjennomført av Ipsos MMIsyner at ungdom mellom 15 og 24 år drikker meir enn dobbelt så mykje juice, brus, smoothie, sportsdrikker og smakstilsett vatn som dei over 25 år.

Ein av fem ungdommar drikk eit av desse produkta tre gongar dagleg eller meir. I aldersgruppa mellom 25 og 39 er inntaket halvert, medan berre ein av ti over 40 får i seg så mykje av desse drikkane.

I 2012 drakk nordmenn 484 millioner liter brus, som utgjer omlag 100 liter brus per nordmann.

– Òg vatn med smak kan påføra tennene syreskadar, fordi det har like høgt syreinnhald som brus og juice. Dette er ukjent for mange, seier tannlegepresidenten.

Vatn for tørsten
Tannlegeforeningen er uroa over at mange syreskader vert oppdaga for seint.

– Mange oppsøkjer tannlegen først når skaden har blitt så alvorleg at omfattande behandling er naudsynt, sier Steinum.

Og det er ikkje så mykje som skal til for å auke PH-nivået i munnen og slik senke risikoen for syreskadar.

– Enkle grep kan gjere store forskjellar. Reduser inntaket av sure drikker. Vatn er den beste tørstedrikken både ved trening og mellom måltida, fortel Steinum.

Faktaboks

Tips for forebygging av syreskadar:

• Drikk vatn om du er tørst mellom måltida og om natta.

• Kutt ned på smådrikking av sure drikker. Drikk heller alt med ein gong.

• Bruk sugerør. Drikken kjem i mindre grad i kontakt med tennene.

• Vent minimum 30 minutter med å pusse tennene etter du har drukket eller ete. Fordi syren har gjort emaljen mjuk, vert slitasjen ekstra stor. Skyll heller med vatn.

• Bruk ein mjuk tannbørste og ikkje puss for hardt.

• Bruk fluortannkrem og skyll med fluor dagleg.

Kjelde: Den norske tannlegeforening