Fagskulane føler seg gløymde av regjeringa
Regjeringa løyver meir til yrkesfag på vidaregåande i budsjettforslaget, men opprettar ikkje éin ny fagskuleplass.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Vi kjem til å mangle fagarbeidarar i framtida. Difor foreslår vi fleire nye tiltak i 2019-budsjettet, så fleire elevar kan fullføre med fagbrev, seier kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner i ei pressemelding frå Kunnskapsdepartementet.
Yrkesfagleg fordjuping
I framlegget til statsbudsjett for 2019 foreslår regleringa å styrke yrkesfaga i den vidaregåande skulen med til saman 30 millionar kroner i 2019.
Det kjem på toppen av over 500 millionar kroner som regjeringa og samarbeidspartia allereie har styrka yrkesfaga med i perioden 2013 – 2018.
Dei nye midlane er fordelt slik:
- 13 millionar til å løfte faget yrkesfagleg fordjuping
- 12 millionar meir til å auke kompetansen blant yrkesfaglærarane, instruktørar i bedriftene og prøvenemndene, der elevar tek sveineprøva for å bli faglært. Tilsaman får denne posten no 100 millionar
- 5 millionar til forsking på kva som aukar kvaliteten i yrkesfag
Leiar i Elevorganisasjonen, Agathe Waage, meiner statsbudsjettet som heilheit er ganske likt som i fjor sett med elevane sine auge.
– Det er litt meir til yrkesfag, men det er ikkje ei tydeleg satsing på fleire læreplassar, understrekar ho ovanfor Framtida.no.
Les også: Fleire elevar vel yrkesfag
2018: Yrkesfagenes år
I år løyvde regjeringa 5 millionar kroner til WorldSkills Norway og kampanjen Yrkesfagenes år, ein kampanje som skal auka interessa for yrkesfag i 2018.
I lys av dette er ikkje Organisasjon for norske fagskulestudentar (ONF) imponert over regjeringa.
– Dette budsjettforslaget har ikkje éin einaste ny studieplass til fagskulane. Det er skuffande at regjeringa avsluttar Yrkesfagenes år med eit budsjett der høgare yrkesfagleg utdanning er nedprioritert på denne måten, seier fungerande leiar i ONF, Christoffer Blaalid, i ei pressemelding.
Dei viser til NHO sitt kompetansebarometer for 2018 som viser at 53 prosent av bedriftene har behov for fleire tilsette med fagskuleutdanning enn dei har tilgang på i dag.
ONF etterlyser no at framtida vert meir føreseieleg, gjennom ein fleirårig opptrappingsplan for studieplasser i fagskulen.
– Med dagens 15 000 studieplasser kan ikkje fagskulane utdanne i nærleiken av så mange studentar som det næringslivet har behov for, seier Blaalid.